Fluorhaldige stoff i matemballasje
Nokre matemballasjar inneheld fluorhaldige stoff, såkalla PFAS. Dei blir blant anna brukte for å gjere papp og papir vass- og feittavvisande (for eksempel i bakepapir og pizzaesker). Stoffa skal ikkje komme over i maten i mengder som er helseskadelege.

Matemballasje av papp og papir har ikkje eit detaljert regelverk med grenseverdiar for stoff, slik som det er for materiale av plast. Det er likevel eit krav om at produkta ikkje skal gi frå seg stoff til maten i mengder som gjer at maten blir helseskadeleg. Dette gjeld for alle stoffa i matpapiret, også for fluorhaldige stoff.
Det er produsentane som har ansvar for å sikre og dokumentere at all emballasje som blir brukt i kontakt med mat er trygge, og Mattilsynet skal sjå til at dei tar dette ansvaret.
Undersøkingar om fluorerte stoff i mat og matemballasje
- Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik, EFSA, kom i 2018 med ei vurdering av dei fluorhaldige stoffa PFOS og PFOA. Den inneber at EFSA senkar det såkalla tolerable vekefaste inntaket (TWI). TWI er den mengda ein kan få i seg kvar veke heile livet utan risiko for helsefare. Dette er den første av to vurderingar av PFAS, og derfor er konklusjonane foreløpige inntil den andre vurderinga er ferdig.
- I 2017/2018 analyserte Mattilsynet 35 produkt på den norske marknaden. Resultata viste at 13 av produkta inneheldt ulike variantar av PFAS. Dei fem produkta som inneheldt mest PFAS totalt (tre papptallerkenar og to muffinsformer) blei vidare testa for kor mykje av stoffa som potensielt kunne overførast til mat under oppvarming i mikrobølgeomn (migrasjon-test). Testen viste at PFAS blei overført frå papptallerkenane til maten (19.9 - 39.5 mikrogram/kg).
Rapport: Analyser av per- og polyfluorerte alkylstoffer (PFAS) i matkontaktmaterialer 2017
- Også i 2015 analyserte Mattilsynet 53 produkt på den norske marknaden. Blant prøvene var for eksempel mat- og mellomleggspapir, muffinsformer, papirboksar og pappkrus. Det blei den gongen ikkje funne målbare nivå av dei fluorhaldige stoffa vi analyserte for.
Rapport: Analyser av fluorerte stoffer i matkontaktmaterialer av papp og papir 2016