Sjekk om emballasjen er eigna
Mange er usikre på kva som er riktig bruk av emballasje, særleg plastmateriale, til mat og andre næringsmiddel. Det er sjeldan at ein og same type matemballasje eignar seg til alle typar mat og til bruk ved alle temperaturar.
Det er svært viktig at forbrukarane sjekkar merkinga på emballasjen og følger eventuelle bruksavgrensingar.
Matemballasje skal ikkje gi frå seg stoff til maten i ei slik mengde at det utgjer ein helsefare. Det er eit grunnleggande krav for alle typar materiale.
Enkelte matvarer er meint å bli varma opp i emballasjen dei er pakka i. Produsenten har ansvaret for å sikre at emballasjen er eigna til slik bruk.
Merking
Merkinga skal opplyse brukaren om emballasjen er meint for kontakt med næringsmiddel. Merkinga skal også gi informasjon om bruksrestrikasjonar. Glas- og gaffelsymbolet er eitt av fleire merkealternativ som illustrerer at emballasjen er eigna til kontakt med mat og drikke.
Emballasjen kan alternativt få ei karakteriserande varenemning, for eksempel "brødpose" eller "matboks". Det kan også stå "for næringsmiddel" eller "for mat".
Gjenbruk av emballasje
Mange bruker tomme isboksar, yoghurtbeger eller bærkorger til å oppbevare matrestar i. Emballasjen er i mange tilfelle berre vurdert for tiltenkt bruk. For eksempel er emballasjen kanskje ikkje vurdert for bruk ved høge temperaturar.
Informasjon om bruksrestriksjonar følger som regel ikkje med emballasjen som er rundt ferdigpakka mat. Slik emballasje bør du derfor berre gjenbruke til mat som ikkje skil seg frå det opphavelege innhaldet med tanke på surleik, feittinnhald eller temperatur. Det er ingen garanti for at det ikkje vil migrere kjemiske stoff frå emballasjen under andre forhold, som for eksempel ved oppvarming av mat.
Aluminium
Aluminium er som regel ikkje eigna til lengre kontakt med sure matvarer. Du bør derfor ikke bruke aluminiumsgryter og -former til oppbevaring av tomatsaus og andre sure matvarer.
Aluminiumsfolie bør ikkje brukast med sure eller salte matvarer, fordi dei kan få folien til å gå i oppløysning og smitte over på maten. Dersom du vil bake noko i omnen med for eksempel tomatsaus eller sitron, bør du bruke bakepapir eller steikeposar. Ved grilling bør du bruke noko som taklar open flamme.
Plastposar og folie
Plastposar og folie som skal vere i kontakt med mat, må vere eigna for det. Handleposar eller avfallsposar av plast er vanlegvis ikkje eigna for direkte kontakt med mat med mindre dei er merkte med glas- og gaffelsymbolet eller anna tilsvarande merking.
Fryseposar og plastfoliar er eigna for oppbevaring av mat. Nokre plastfoliar kan ha restriksjonar for kontakt med feite næringsmiddel eller vere ueigna til oppvarming i mikrobølgeomn. Du bør derfor følge bruksinstruksjonane frå produsenten.
Glas
Glasemballasje kan i utgangspunktet brukast til alt, men han kan sprekke ved høg varme. Ver spesielt forsiktig dersom det er sprekkar eller andre svakheiter i glaset.
Krystallglas inneheld ofte bly. Dersom du oppbevare sure næringsmiddel eller drikkevarer med lav pH i krystall, som for eksempel portvin, vil bly migrere frå glaset til drikkevara. Jo surare drikkevara er, jo meir bly kan migrere. Vi anbefaler at du ikkje et eller drikk regelmessig av krystallservise som inneheld bly.
Nyare krystallglas er for det meste produserte utan bly. Dersom du er i tvil om produktet inneheld bly, kan du spørje forhandlaren.
Melaminplast
Melaminplast er mykje brukt i servise fordi det er eit lett og lite knuseleg materiale. Du kan bruke melaminplast til servering av mat. Skal du lagre mat i eit produkt med melamin, så bør du sjekke om det er eigna.
Ikkje bruk melaminplast i mikrobølgeomnen, og følg merkinga som angir kor høge temperaturar plasten taklar. Vanlegvis kan melaminplast brukast til mat opp til 70 grader. Plasten kan bli skadd eller gi frå seg uønskte kjemiske stoff dersom han blir varma opp eller utsett for svært varme matvarer.
Du bør skifte ut slite og øydelagt servise.
Keramikk
Glasuren på keramikk kan innehalde bly. Riktig glasurblanding og brenning hindrar at gjenstanden kan gi frå seg ulovlege mengder bly. Det er derfor viktig at keramikken du skal bruke, er meint for mat og drikke.
Dersom keramikken er kjøpt på loppemarked eller frå utlandet, kan han gi frå seg helseskadelege mengder tungmetall. Du bør derfor unngå å bruke keramikk av ukjent kvalitet til oppbevaring av sure, flytande næringsmiddel som jus og vin.
Ver forsiktig med keramikk av ukjend kvalitet.
Oppvarming i mikrobølgeomn
Bruk av plantemateriale i mikrobølgeomn krev at plasten taklar varme. Det kan vere lurt å sjå om bruk i mikrobølgeomn står omtalt i bruksrettleiinga. Næringsmiddel må ikkje varmast i originalemballasjen dersom det ikkje er spesifikt nemnt på pakken.
Ver forsiktig med bruk av aluminiumsfolie i mikrobølgeomn, da det er fare for at det kan oppstå gneistar. Bruk berre små bitar av folie, og pass på at folien er minst to centimeter frå omnsveggen.
Kjemiske stoff i emballasje og kjøkkenreiskapar
Råd ved kjøp av kjøkkenreiskapar på nett
Ver kritisk ved kjøp av kjøkkenreiskapar, emballasje og andre gjenstandar som skal komme i kontakt med mat, frå utanlandske nettsider. Produkta kan vere produserte under andre regler enn dei som gjeld i Noreg.