Ver forsiktig med keramikk av ukjend kvalitet
Nokre typar keramikk, særleg gjenstandar frå land i Middelhavsområdet, kan gi frå seg helseskadelege mengder tungmetall ved bruk i kontakt med sure næringsmiddel.
Mattilsynet frårår derfor at keramikkmugger av ukjend kvalitet, særleg frå områda nemnd over, blir brukte til oppbevaring av sure, flytande næringsmiddel som for eksempel jus og vin. På same måte bør ein ikkje bruke keramikkoppar og -krus av ukjend kvalitet dagleg til sure drikker som for eksempel jus, vin eller te tilsett sitron.
Mattilsynet har fastsett grenseverdiar for kor mykje tungmetall som kan leke ut frå keramikk. Når grensene blir overhaldne, er produkta trygge å bruke.
Spør før du kjøper
Når du skal kjøpe keramikk til bruk i kontakt med mat og drikke, anbefaler vi at du spør om produkta er meinte for kontakt med mat og drikke, og om det kan garanterast at produkta ikkje gir frå seg bly, kadmium eller barium over grenseverdiane.
Dersom du vil bruke allereie innkjøpt keramikk av ukjend kvalitet til dagleg kontakt med næringsmiddel, kan du sende produktet til eit privat laboratorium for kjemisk analyse av om produktet gir frå seg bly og kadmium, og i kva mengder.
Keramikkglasur med bly
Keramikkglasur inneheld ofte blyoksid, men ved bruk av rett glasurblanding og brenning ved rett temperatur skal ikkje keramikkgjenstandane gi frå seg ulovlege mengder bly.
Bly og andre tungmetall blir tilsette glasur for å senke brenntemperaturen og for å gi keramiske produkt betre estetiske eigenskapar. Viss brenninga skjer ved feil temperatur, kan tungmetalla leke ut i sure mat- og drikkevarer.
Det meste av inntaket av bly kjem via maten. Ekspertar i Verdas helseorganisasjon (WHO) og The Food and Agriculture Organization of the United Nations (FAO) har angitt at det høgaste tolerable inntaket av bly er 50 mikrogram per dag for eit lite barn og 200–250 mikrogram for ein vaksen person.
For mykje bly kan blant anna føre til skade på dei raude blodlekamane og nervesystemet. Hjerneutviklinga hos foster og små barn er spesielt utsett for skadar forårsaka av bly.
I Noreg og Sverige har fleire personar tidlegare blitt alvorleg forgifta på grunn av utleking av bly frå produkt med høgt blynivå. Personane har alle drukke enten jus eller vin frå greske keramiske koppar eller mugger.
Ver merksam på brukskunst
Produkt frå brukskunstnarar/pottemakarar kan gi frå seg meir metall enn masseproduserte varer fordi det ofte blir brukt glasurar med høgare innhald av metall for å gi sterke, klare fargar. Det kan også vere større individuelle variasjonar i kor lenge produktet er brend, noko som påverkar utskiljinga av uønskte stoff.
Uansett om keramikken er fabrikkprodusert eller laga av ein kunstnar, er det ansvaret til produsenten at grenseverdiane blir overhaldne.