Rettleiar om fiskevelferd ved slakteri for akvakulturdyr
Rettleiaren skal bidra til god fiskevelferd frå fisken kjem til slakteriet og fram til den er forsvarleg bedøvd og avliva. Rettleiaren skal også bidra til felles forståing av krava i regelverket og føreseielegheit for slakteria.
Vis endringer
- Nytt avsnitt
Vi har lagt til avsnitt om at bruk av lukka utblødingstankar krev særleg gode rutinar. Regelverket er ikkje endra.
- Presisering
Vi har gjort det tydelegare at effektiv bedøving og avliving av all fisk er eit krav, ikkje berre eit mål. Regelverket er ikkje endra.
- Oppdateringar i 2022
Rettleiaren blei første gong utarbeidd av Mattilsynet i 2014, og oppdatert i 2022.
Dei viktigaste endringane er at innhaldet er avstemt mot regelverket og rettleiingsmateriell anno 2022. Tekst og format er noko forenkla og enkelte stader meir nyansert.
Det er få endringar i det faglege innhaldet, men omsynet til reinsefisk er betre belyst. I tillegg er det presisert at bruk av EEG er nødvendig for sikker dokumentasjon av bedøvingsmetodar på artsnivå.Behov for undervassobservasjonar i tillegg til overflateobservasjonar for å overvake og bedømme trenging er tatt inn.