Mattilsynets hovedprioriteringer innen drikkevannsforsyning i 2025
Dette er hovedmålene for det risikobaserte tilsynet med drikkevannsforsyning. I tillegg til disse vil Mattilsynet, som vanlig, ivareta løpende oppgaver, blant annet hendelser, prøvetaking, søknadsbehandlinger og oppfølging av bekymringsmelding.
Innhold på denne siden
Krav til rutinar: Farekartlegging, beredskapsplanar og øvingar for vassverkseigar
vassverkseigar skal ha rutinar som sikrar at farekartleggingar og beredskapsplanar er oppdaterte, og at det blir gjennomførte øvingar
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Vi tilpassar fokuset vårt på grunn av den endra sikkerheitssituasjonen i Europa og Norden.
Mattilsynet jobbar med å styrke beredskapen innan mattryggleik, drikkevatn, dyre- og plantehelse, og dessutan atomberedskap. Vassforsyningssystem er ein av dei mest kritiske samfunnsfunksjonane, og vern og vedlikehald av desse systema er avgjerande for å sikre tilgang til trygt drikkevatn og støtte andre viktige samfunnsfunksjonar. Det er derfor viktig at Mattilsynet fører tilsyn med drikkevassforsyningane i 2025. Vi vil kontrollere om vassverkseigarar har etablert rutinar som sikrar at vassforsyninga oppfyller krava til helse, sikkerheit og leveringssikkerheit, og at rutinane er baserte på ei farekartlegging.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi vil bruke vassverksdata frå dei årlege innrapporteringane og andre risikobaserte kriterium, for å velje ut vassverk vi ønsker å føre tilsyn med i 2025. Gjennom tilsyn vil vi også rettleie vassverkseigarar om viktigheita av regelmessige farekartleggingar, at resultata etter kartlegginga blir vidareførte inn i revisjon av beredskapsplanen og at vassverkseigarar gjennomfører øvingar baserte på oppdaterte planar.
Kva betyr det for deg?
De skal igjennom den årlege innrapporteringa svare på spørsmål under teamet «Sikkerheit/Beredskap/Internkontroll», svara skal vere oppdaterte i forhold til aktiviteten i 2024.
Vi vil i løpet av 2025 utføre tilsyn med eit utval vassverk. Gjennomføringa av tilsynet vil bli varsla og tidspunkt for gjennomføring blir avtalt med dykk.
Relevante lenker
§ 6 Farekartlegging og farehandtering - Rettleier til drikkevassforskrifta
§ 9 Leveringssikkerhet - Rettleier til drikkevassforskrifta
§ 11 Beredskap - Rettleier til drikkevassforskrifta
§ 12 Beskyttelsestiltak - Rettleier til drikkevassforskrifta
Råvasskvalitet og vassbehandling
Vannbehandlingen ute i vannverkene skal være tilpasset råvannskvaliteten og farekartleggingen.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Innbyggarane skal ha tilgang til tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn som er klart og utan framståande lukt, smak og farge. Vatnet som det blir produsert drikkevatn av blir henta frå kjelder i grunnen eller overflatekjelder i eit vassdrag. Vasskvaliteten blir påverka av aktivitetar i og rundt kjeldene, og vi ser i tillegg at klimaendringane fører til endringar av vasskvaliteten.
Det er viktig at vassverkssigrane følger med på dei endingane som skjer og regelmessig vurdere behovet for å endre/utvide vassbehandlinga (vassreinsinga) for framleis å kunne produsere trygt drikkevatn. Vi ønsker å bidra til at vassverkseigerane har merksemd på desse endringane, og at dei arbeider systematisk med å kartlegge og overvake vasskvaliteten, slik at det er etablert vassbehandlingstrinn som handterer endringane/variasjonane i vasskvaliteten.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi vil her gjennomføre tilsyn med vassbehandlingstrinna hos vassverkseigerane. For å kunne etablere ei effektiv vassbehandling, må ein ha kjennskap om vasskvaliteten i kjelda. Vi ønsker å sjå om vassverkseigarar gjennomfører regelmessige analysar av vatnet frå kjelda det skal produserast drikkevatn av, og om vasskvaliteten blir overvakt igjennom heile året slik at årstidsvariasjonane blir kartlagde.
Vidare vil vi sjå om det er etablert tilstrekkelege hygieniske barrierar i vassbehandlinga, i lys av analyseresultat, trendar og utvikling i vasskvaliteten i kjelda og kjeldas nedslagsfelt.
Vi ønsker å sjå på om vassverkssiger i farekartlegginga si har vurdert påverkinga til klimaendringane på råvasskvaliteten og den etablerte vassbehandlinga
Kva betyr det for deg? / Kva kan du/verksemda di forvente?
De skal ha etablert ein prøvetakingsplan som er basert på ei farekartlegging, og som viser utvikling av vasskvaliteten over tid. De skal også ha vurdert om det er forhold i nedslagsfelt eller i kjelda som påverkar / eller kan påverke vasskvaliteten, og/eller om klimaendringane påverkar eller kan påverke vasskvaliteten.
Ut frå desse undersøkingane og den kjennskapen de har, skal de ha etablert tilstrekkelege hygieniske barrierar i vassbehandlinga, som også er robust nok å fungere tilfredsstillande sjølv om vasskvaliteten vil variere. Vi vil i løpet av 2025 utføre tilsyn med eit utval vassverk. Gjennomføringa av tilsynet vil bli varsla og tidspunkt for gjennomføring blir avtalt med dykk.
Relevante lenker
§ 13 Vannbehandling | Veileder til drikkevannsforskriften
§ 6 Farekartlegging og farehåndtering | Veileder til drikkevannsforskriften
Leveringssikkerheit og alternativ drikkevassforsyning
Mattilsynet følger opp leveringssikkerheita til vassverka, og den alternative drikkevassforsyninga
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Alle vassforsyningane skal levere trygt drikkevatn til kvar tid, og samfunnet har eit behov for å kjenne status og utfordringar om leveringssikkerheit ved vassforsyningsanlegg.
Vi ønsker å bidra til at vassverka etablerer robuste reserveløysingar som sikrar leveringssikkerheita når den ordinære vassforsyninga sviktar, og vi har derfor prioritert dette arbeidet i 2025.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi skal gjennom rettleiing og forvalting av regelverket bidra til at vassverkssigrar etablerer tilfredsstillande leveringssikkerheit, held distribusjonssystem ved like og aukar utskiftingsgrada på leidningsnettet. Regelverket stiller tydelege krav til leveringssikkerheit og vi skal i møte med vassverkssigrane rettleie rundt krava og forventingar til alternativ drikkevassforsyning.
Vidare vil vi i gjennomgangen og oppfølginga vår av den årlege innrapporteringa til vassforsyningane av vassverksdata, ha ekstra merksemd på data som er relaterte til leveringssikkerheit. Inspektørane vil utføre tilsyn hos vassverka og delta i felles møtepunkt med bransjen.
Kva betyr det for deg?
De skal igjennom den årlege innrapporteringa svare på 3 spørsmål under teamet «Alternativ drikkevassforsyning» som ein del av innrapporteringa på leveringssikkerheit.
Spørsmåla er:
- Kor mange prosent av abonnentane kan den alternative drikkevassforsyninga lever drikkevatn til?
- Talet på døgn den alternative drikkevassforsyninga kan forsyne abonnentane?
- Er den alternative drikkevassforsyninga avhengig av at det blir levert nødvatn?
Vi vil i løpet av 2025 utføre tilsyn med eit utval vassverk. Gjennomføringa av tilsynet vil bli varsla og tidspunkt for gjennomføring blir avtalt med dykk.
Relevante lenker
Vern av drikkevasskjelder i regulerings- og arealplanar
Kommunene er kjent med relevante krav til beskyttelse av drikkevannskilder, og tar hensyn til drikkevannskilder i sitt arbeid med kommunale planer (regulering- og arealplaner, og dispensasjoner).
Hvorfor velger Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Det er viktig at drikkevannskilder og kildenes nedslagsfelt og tilsigsområder gis beskyttelse igjennom de kommunale planene. Dette for å unngå forurensning av vannet som skal bli til drikkevann. Det er også samfunnsøkonomisk smart å beskytte og ta vare på drikkevannskildene våre.
Vi har registrerer at flere drikkevannskilder fortsatt ikke har fastsatt hensynssoner med bestemmelser i de kommunale planene. For å kunne ta vare på produksjonen av trygt drikkevann i et kortsiktig og langsiktig tidsperspektiv, så må vi beskytte kildene våre mot aktiviteter og tiltak som kan gi økt fare for forurensning av vannet.
Hvordan planlegger Mattilsynet å jobbe med dette?
Kommunene skal sende nye og endrede planer på høring til oss som sektormyndighet på fagområdet, og vi skal besvare alle saker som berører drikkevann i planene, direkte eller indirekte.
Vi ønsker å involveres så tidlig som mulig, og helst ved oppstart av planarbeidet.
Vi vil delta i de regionale planforums møtene i regi av fylkeskommunene, vi ønsker å delta i felles møtepunkter med kommuner og planleggere, og vi vil selv også kunne invitere til nettmøter med egne tema. Vi vil videreføre tilsynet med kildebeskyttelse fra 2024, hos vannverkseierne.
Hva betyr det for deg?
Vi ønsker at dere skal sende alle planene på høring til oss, så tidlig som mulig i planprosessen og helst igjennom ett oppstarts varsel. Har dere behov for veiledning fra oss, ta kontakt – også hvis det er behov før planprosessen starter. Inviter oss gjerne til felles kommunale eller regionale møteplasser, for veiledning og erfaringsutveksling. Veiledningstekster finner dere på våre nettsider. Vi vil i løpet av 2025 utføre tilsyn med et utvalg vannverk. Gjennomføringen av tilsynet vil bli varslet og tidspunkt for gjennomføring blir avtalt med dere.
Relevante lenker
§ 12 Beskyttelsestiltak - Veileder til drikkevannsforskriften
§ 26 Kommunens plikter - Veileder til drikkevannsforskriften
Drikkevannhensynet skal inn i arealplanleggingen
Reguleringsplanar og Mattilsynet sitt fagområde – kva må du tenke på?
Opptak video: veiledningsmøte med Mattilsynet (youtube.com), samt presentasjonen vist i videoen (last ned)