Kadmium

For mykje kadmium kan gi nyreskadar, beinskjørheit og auka risiko for å få kreft.

Publisert

Kadmium er eit giftig tungmetall som hopar seg opp (blir akkumulert) i kroppen til fisk, dyr og menneske. I maten kan vi finne kadmium i både plantar, dyr og sjømat. Dei høgaste verdiane er funne i innmat frå dyr, i brunmat i krabbe, i skjel, skogsopp, solsikkekjerner og kosttilskot.

Korn og kornprodukt, rotgrønsaker og potetar

Kadmium finst naturleg i jord. I tillegg blir jorda tilført kadmium via gjødsel og jordforbetring, luftforureining og lokale utslepp. Plantar tek opp kadmium frå jorda gjennom rotsystemet. Skjel filtrerer sjøvatn og kan også ta opp partiklar frå forureina vatn.

I Noreg er det hovudsakleg gjennom korn og kornprodukt, rotgrønsaker og potetar vi får i oss kadmium, ettersom dette er næringsmiddel vi et store mengder av.

Grenseverdiar for kadmium

Noreg har fastsett grenseverdiar for kadmium i fleire matvaregrupper, mellom anna innmat, fisk/sjømat og kornprodukt. Det er også fastsett ein tolerabel inntaksverdi.

Det er det totale inntaket av kadmium gjennom alt vi et over tid, som har noko å seie for helsa. Det beste rådet for å unngå kadmium er å ete variert og balansert.

Mattilsynet har komme med åtvaringar og lagt ned omsetningsforbod for fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar. Det er også åtvaring mot fordøyelseskjertelen i kamskjell og nyren i o-skjell.

Advarsler og råd til forbrukere

På grunn av høge nivå av kadmium åtvarar Mattilsynet også om at born under 10 år ikkje bør ete lever som middagsmat - ungdom og vaksne bør begrense inntak frå vilt og sau

Keramikk

Kadmium kan brukast til å farge glas og keramikk. Det er viktig at keramikk som skal vere i kontakt med mat og drikke, ikkje gir frå seg bly, kadmium eller barium i helseskadelege mengder.

Kilder: Miljøstatus Norge og Folkehelseinstituttet