Rapport

Framandstoff i villfisk i 2016 - sjømat frå Årdalsfjorden

I samband med overvakingsprogrammet Forureining i hamner og fjordar er skjel, krabbe og fisk i Årdalsfjorden i Sogn og Fjordane undersøkt. Resultata viser at nivå av miljøgifter i sjømat har gått ned, men at dei framleis er høge - særleg inst i fjorden.

Publisert
Kva blei undersøkt?

Krabbe, blåskjel, brosme, torsk og flyndre.

Tidsrom
1. januar til 31. desember 2016
Kva leita vi etter?

Arsen, bly, kadmium, kvikksølv, dioksin, furanar, PCB-ar, bromerte flammehemmarar, PFAS-ar, PAH-ar og pesticid

Kva fann vi?
  • Skjel inst i fjorden er veldig forureina av miljøgifta polyaromatiske hydrokarboner (PAH), men mindre enn tidlegare.
  • Nivåa av miljøgifter er lågare lenger ut i fjorden.
  • Lite kvikksølv i torskefilet, flyndrefilet og krabbe.
  • I blåskjel og i klokjøtt frå krabbe var kadmiumkonsentrasjonane relativt låge. I brunmat frå krabbe låg nivåa innanfor det som er funne tidligare andre stader langs norskekysten. Inst i Årdalsfjorden var det òg høge nivå av PAH i brunmaten.
Kven utførte oppdraget?

NIFES

Les rapporten
Fremmedstoffer i villfisk 2016 - sjømat fra Årdalsfjorden