Automatiske temperaturmålingar

Ved transport av djupfryste næringsmiddel skal transportmiddelet vere utstyrt med måleutstyr som gjennomfører ei automatisk registrering av temperaturen i lagringsrommet.

Publisert

Målingar frå ein slik temperaturloggar (termograf) skal markerast med dato og oppbevarast hos verksemda i minimum 1 år. Kravet til termograf gjeld ikkje transport av djupfryste varer ved lokal distribusjon under 2 timar.

Automatisk registrering av temperaturen skal også skje ved transport av kverna og laga kjøtt. Transportmiddel som blir brukte til slike kjøttvarer må derfor ha installert termograf.