Servise og bestikk av melamin-bambus er forbode å selje
I fleire år har det vore populært å selje koppar, tallerkenar og liknande laga av bambusplast. Det er likevel ikkje lovleg å tilsette bambus til plast. Har du slike produkt, anbefaler vi at du kastar dei eller bruker dei til noko anna enn mat.
Årsaka til at det ikkje er lovleg å tilsette bambus eller liknande bestanddelar (t.d. mais, kveitestrå) til plastkoppar og -tallerkenar, er at bambus ikkje er godkjend som fyllstoff i plast.
Derfor er det heller ikkje tillate å selje servise og bestikk av bambusplast.
Produkta kan utgjere ein risiko for helseskade
Ei rekkje tyske undersøkingar har vist at det kan vere ein risiko for at bambusmelamin gir frå seg dei helseskadelege stoffa melamin og formaldehyd til til dømes kaffi og suppe. Formaldehyd kan vere kreftframkallande, og melamin kan skade blære og nyrer.
Det har også vore tilfelle der produkt av bambusmelamin har gitt for høge nivå av dei helseskadelege stoffa melamin og formaldehyd til maten.
I 2019 analyserte Mattilsynet 30 produkt av melaminplast, der 19 av produkta også inneheldt bambus. To av produkta gav for mykje melamin og/eller formaldehyd. Desse produkta skal ikkje vere på marknaden lenger. I rapporten finn du oversikt over kva produkt vi analyserte.
Analysar av melaminprodukt 2019
Det er verksemda som har ansvaret for at produkta deira følger regelverket og er trygge i bruk.
Kva produkt er forbodne?
Det er bruken av plast og bambus i kombinasjon som ikkje er tillaten. Det betyr at servise og bestikk av plast, for eksempel melamin, som er tilsett plantebasert fyllstoff som bambus, mais og kveite, er forbode å importere, produsere og selje.
Servise og bestikk av berre melamin er berre tillate så lenge dei ikkje gir frå seg melamin eller formaldehyd til maten i mengder over grenseverdiane.
Servise og bestikk som berre består av bambus, er tillate.
Har du slike produkt heime?
Er du i tvil om produktet ditt er trygt, kan du ta kontakt med utsalsstaden der du kjøpte produkta, for å få informasjon om produkta inneheld bambusmelamin.
Viss du vil vere heilt sikker, anbefaler vi at du kastar produkta eller bruker dei til noko anna enn kontakt med mat.
Produkta er ikkje biologisk nedbrytbare
Mange "bambusmelamin-produkt" har blitt merkte og marknadsførte som "biologisk nedbrytbart", "miljøvennleg" eller "naturleg".
Det er ikkje korrekt sidan produkta inneheld melamin eller annan plast. Slik marknadsføring er derfor villeiande.
EU-aksjon avdekte mange ulovlege produkt
I 2021–2022 var det ein koordinert aksjon mot desse produkta der myndigheiter i fleire EU-land og Noreg deltok. Til saman blei det oppdaga 748 tilfelle av ulovlege produkt.