Ny matbedrift
Treng du hjelp til å forstå regelverket? Viss du treng hjelp i oppstartsfasen eller seinare, har vi fleire tilbod til deg.
Startpakkane
Når du skal starte ny matbedrift, er det mange reglar å setje seg inn i. Vi har sett saman ein startpakke som gir deg ei oversikt over dei viktigaste krava for ein serveringsstad eller butikk. Gjennom videoane blir du informert om sentrale føresegner, du kan finne svar på vanlege spørsmål, og du finn enkelt lenker vidare til artiklar og temasider med meir informasjon:
Startpakke for nye matbedrifter
Vi har også laga ein startpakke for nye matimportørar med oversikt over viktige krav:
Kommersiell import av mat og drikke – en innføring
Svartenesta
Vi har ei svarteneste der inspektørane våre svarer på spørsmål frå bedrifter og publikum.
Noko av det du kan spørje svartenesta for mat om:
- hjelp til å registrere bedrifta di hos Mattilsynet
- kva regelverk som gjeld for deg
- kva regelverket betyr
- mat og mathandtering
Ring oss på 22 40 00 00 for å snakke med svartenesta.
Gratis rettleiing i matregelverket
Viss du treng meir rettleiing, kan du avtale eit rettleiingsmøte med Mattilsynet. Du får da eit møte med ein inspektør frå Mattilsynet. På sida om rettleiingsordninga kan du lese meir om
- kven som kan få rettleiing
- kva du kan få rettleiing om
- kva du må vite om rettleiingsmøtet
Tilbod om rettleiing i matregelverket
Annan relevant informasjon
Altinn har laga fleire guidar for deg som skal starte ny bedrift. Her får du oversikt over krav frå fleire myndigheiter:
- Starte og drive bedrift: Rettleiarar innan ulike tema og bransjar (altinn.no)
- Rettleiar serveringsbransjen (brg.apps.altinn.no)