Dette veit vi om mattryggleik for tang og tare

Kunnskap om mattryggleik og risikohandtering av tang og tare er under utvikling. Havforskingsinstituttet har på oppdrag frå Mattilsynet publisert to rapportar om mattryggleik for tang og tare.

Fagleg oppdatert
  1. Kunnskaps­oppdatering om mattrygghet i tang og tare 2020
  2. Rapport makroalger (2016) (hi.no)

Andre sentrale rapportar

Nokre av hovudkonklusjonane frå rapportane er at dei viktigaste farane er for høge nivå av uorganisk arsen, kadmium og jod. Det er likevel store forskjellar i innhald både mellom og innan artane, og nivåa kan påverkast av alder, vekstforhold og prosesseringsmetodar.

Analysar frå Havforskingsinstituttet viser også at høge nivå av kadmium, uorganisk arsen og jod er dei viktigaste faremomenta i visse norske artar. Nokre artar har problematisk høge nivå, mens andre har det ikkje.

  • Rød- og grønalgar har generelt lågare nivå av jod enn brunalgar.
  • Raudalgen trøffeltong/grisetang-dokke er eit klart unntak, han har nivå av jod på linje med brunalgar.
  • Innhaldet av kadmium er generelt høgare i brunalgar og raudalgar, og fingertare kan ha eksepsjonelt høgt nivå av uorganisk arsen.

Les meir om analysane i vedlegget i rettleiaren

I tillegg til metall og jod er det mange andre moglege farar, både kjemiske, biologiske, fysiske og også allergen, som er aktuelle for mattryggleiken.

Typen, nivået og rangeringa av farar i tang og tare frå norske farvatn kan endrast når meir forsking produserer nye data, og forholda kan også påverkast av klimaendringar som auka sjøtemperatur.

Les meir i rettleiaren om krava til interne rutinar for å handtere slike fer