Slik kan du redusere matsvinnet i heimen din

Ved å gjere små endringar i korleis du handterer maten i det daglege, bidrar du til å gjere ein stor forskjell for det totale matavfallet vårt og til å nå dei norske måla om å halvere klimautsleppa innan 2030. 

 

Fagleg oppdatert

For å redusere matsvinn i hushaldet bør du få oversikt over kva matvarer du har, planlegge innkjøp og måltid og dessutan lage, handtere, oppbevare og lagre maten rett.

Planlegging og innkjøp

  • Ha oversikt over kva du har i skap, kjøleskap og frys.
  • Følg med på haldbardatoen til maten. 
  • Planlegg måltid ut frå mat du allereie har.
  • Planlegg innkjøp og kjøp berre varer du treng og veit vil bli brukt. 
  • Kjøp gjerne nedprisa varer med kort haldbarheit, men ha ein plan for å bruke dei. 

Oppbevaring 

Tillaging og handtering 

  • Følg først inn, først ut-prinsippet. Bruk maten med kortast haldbardato først. 
  • Følg bruksrettleiinga på matvara. Av og til står det for eksempel at produktet skal varmebehandlast før du kan ete det.
  • Ta vare på matvarene gjennom god kjøkkenhygiene.
  • Lær kva du skal gjere når matvarene er mugne: *Kva *gjer du med muggen mat?
  • Bli kjent med smittestoff som kan oppstå i mat og kva du skal gjere for å unngå dei: Sjuk av maten.
  • Unngå å lage meir mat enn du bruker, og ikkje servar for mykje på tallerkenen. Forsyn de heller fleire gonger. Det er enklare å ta vare på restar frå gryter enn frå tallerkenane. Tips: bruk mindre tallerkenstørrelse. 
  • Rydd bort maten slik at han ikkje blir ståande for lenge ute.
  • Sikre trygg nedkjøling av restematen ved å kjøle eller fryse ned restar i små behaldarar, gjerne i ferdige enkeltporsjonar. Da har du ein fiks ferdig lunsj eller middag. 
  • Planlegg middagar der du bruker opp restematen. Har du ikkje nok restar frå eitt måltid, miks restar frå ulike måltid, og sett til salat eller brød. Finn gjerne oppskrifter på Matvetts måltidsplanleggar (matvett.no)Matprat.noMelk.no og Frukt.no.

Få "svinnsikt"

Sjekk kva du kastar i matavfallet. Er det etande eller uetande delar av mat? Når kastar du matrestar, og kvifor? Vi kastar ofte mat av same grunnar kvar veke. Kanskje du kan gjere justeringar for å unngå matsvinnet?

Meir informasjon

How to *reduce *food *waste at *home (eufic.org)