Råd for oppbevaring av mat og drikke

Bli kjent med korleis du bør oppbevare matvarer for å få lengst mogleg haldbarheit. 

Publisert

Å halde mat og drikke fersk lenger gjer at du

  • unngår å bli sjuk
  • sparer ressursar og miljøet
  • sparer pengar

Oppbevaringstipsa nedanfor hjelper deg med å redusere matsvinn.

Kva næringsmiddel er mest sårbare?

Lettskjemt mat

Somme matvarer blir lettare øydelagde enn andre, og dei mest sårbare blir kalla "lettskjemte". Dette er matvarer som raskt vil bli øydelagde eller ubrukelege, og som blir merka med "siste forbruksdag". Bakteriar veks lett i kjøtt, mjølk, fisk og eggprodukt, og desse er derfor eksempel på matvarer som kan vere lettskjemte.

Mat med kort haldbartid er som regel matvarer med

  • høg fukt (vassinnhald)
  • nøytral pH (surgrad)
  • samansette ingrediensar
  • ingen naturlege eller kunstige konserveringsmiddel

Du må vere ekstra påpasseleg med å oppbevare desse rett og handtere dei på ein god måte. 

Ein god måte å få oversikt over sårbare produkt på, er å sette seg inn i kostråda for barn, gravide, personar med nedsett immunforsvar og eldre. Risikogrupper skal alltid følge kostråda. Desse produkta kan du som frisk og rask nyte og ete, men råda gir deg god kunnskap om slike sårbare produkt.

Førebygging av matboren smitte i helseinstitusjonar (fhi.no)

Mat som er meir haldbar og ikkje så lettskjemt 

Mat og drikke som er konservert på annan måte, for eksempel ved syrning, salting, speking, tørking, hermetisert eller frosen, er vanlegvis ikkje lettskjemte. Her har ein senka pH eller fjerna vatnet, slik at mikroorganismar trivst dårlegare. Dei sluttar å vekse, går i dvale eller døyr.

Tørr mat som spekemat og havregryn kan lagrast lenger enn mat med høg fukt, som kjøttdeig og fersk fisk. Mat med mykje sukker, salt eller syre, for eksempel honning, sukkertøy, klippfisk og sennep, er ofte meir haldbare enn varer utan dette.

Når matvarene er riktig innpakka, er dei i mindre grad utsett for påverking frå omgivnadene.

Kor lenge ulike matvarer vil halde seg før dei eventuelt blir dårleg, avheng av kva typar råvarer og matretter det dreier seg om, og forhold rundt produksjon, distribusjon og lagring.

Tips når du handlar i butikken

  • Planlegg handlinga. Skal du ut på ein omfattande handlerunde, bør du gjere matinnkjøpa heilt til slutt.
  • Korleis varene er plassert i butikken, for eksempel i kjøleskap eller frysedisk, gir gode retningslinjer for vidare oppbevaring heime hos deg. Les merkinga på emballasjen viss du er usikker på korleis ei vare skal oppbevarast. 
  • Sjekk temperaturen i kjøle- og frysedisken. 
  • Ver merksam på korleis varene i kjøle- og frysedisken er stabla. Viss stabelen er høg, er det ikkje sikkert at dei øvste varene er kalde nok. Mykje is/snø rundt eller inne i emballasjen er eit teikn på at matvara har vore utsett for temperatursvingingar.
  • Sjekk at matvarer merka "siste forbruksdag" er innanfor haldbardato.
  • Ikkje kjøp emballerte matvarer som er skadde eller opna. Sjekk også at hermetikk er tett.
  • Bakteriar veks lett i melonar. Du bør derfor sjekke at melonen er heil og utan skadar. Oppdelt melon finn du i kjøledisken.
  • Plasser den djupfryste maten nedst i handleposen. Fyll deretter på med dei matvarene som har størst behov for kjølig lagring. 

Oppbevaring av mat og drikke i skap 

Tørrvarer blir oppbevarte best i tørre og reine hyller under 25 *º C, i lukka posar eller behaldarar. Eksempel på slike varer er mjøl, sukker, salt, brød, suppeposar, mjølkepulver med meir. Blir det tilført fukt til tørrvarer, vil mikroorganismar vekse. 

Nokre matvarer som kan stå i romtemperatur når dei er uopna, må oppbevarast i kjøleskap etter at dei er opna. Dette gjeld varer som hermetisk lukka metall, glas eller kartong. 

Bruk eit anna skap for reingjeringsprodukt og hushaldskjemikaliar for å forhindre ulykker, og pass på at maten ikkje tiltrekker seg insekt og gnagarar.

Kor lenge held tørrvarene i matskapet? (matvett.no)

Oppbevaring i kjøleskap

Temperaturen i kjøleskapet

Kjøleskapet bør vere under *4º C, men over -*1º C. Plasser eit termometer inne i skapet og hald kontroll med temperaturen.

Runne og ryddig kjøleskap

Hald kjøleskapet reint og ryddig og unngå at det blir for fullt. I eit overfylt kjøleskap blir det for lite luftsirkulasjon, og det  kan føre til at temperaturen blir for høg. Pakk matvarer som kjøtt og fisk godt inn, slik at du unngår avrenning. Tørk opp eventuelt søl omgåande. Søl gir vekst av mikroorganismar, sjølv om veksten går seint i kjøleskap.

Plassering av dei ulike matvarene i kjøleskapet

Rått kjøtt og rå fisk kan innehalde sjukdomsframkallande smittestoff. Desse smittestoffa blir drepne under varmebehandling. Det er viktig å halde kokte eller eteferdige matvarer skilde frå rå matvarer, for å hindre avrenning frå rått til kokt eller eteferdig mat.

Nedkjøling av matvarer

Ikkje sett varm mat i kjøleskapet. Plasserer du varm mat i kjøleskapet, vil temperaturen i skapet stige og skape kondens, som gir gode vekstmoglegheiter for bakteriar.

Mat som skal oppbevarast kjølig, må haldast kald. Det kan vere lurt å bruke ein kjølebag når du handlar på varme dagar eller skal på tur, eventuelt eit kjøleelement i sekken.

Kjenn kjøleskapet ditt (matvett.no)

Heimelaga mat og middagsrestar 

Det er ikkje mogleg å gi ei generell haldbartid for heimelaga mat, men viktige føresetnader som vil forlenge haldbarheita er

  • reine og friske råvarer 
  • god hygiene under handtering og tillaging 
  • rask nedkjøling 
  • korrekt temperatur i kjøleskapet eller frysaren 
  • at maten er pakka i eigna og tett emballasje 

Nyleg varmebehandla mat som skal oppbevarast eller etast kaldt, må avkjølast raskt før han blir sett i kjøleskapet. For å hindre at svært mange bakteriar veks opp under nedkjølinga, bør temperaturen senkast frå 60 *ºC til 10 *ºC raskast mogleg, men seinast i løpet av to timar. Dette gjeld særleg retter med lettskjemte ingrediensar som kjøtt, fisk, mjølk med meir.

Del maten opp i mindre porsjonar ved å bruke mindre behaldarar ved nedkjølinga. Eventuelt kan du sette gryta i kaldt vatn og røre rundt utan lokk for hurtig nedkjøling. Ikkje sett på lokk eller pakk inn matvara under nedkjøling, da det vil hindre fjerning av overskotsvarme.

Kjøpar du mat ute, så følg tommelfingerregel om to timar. Enten det er restar, takeaway eller nettopp kjøpt, er det viktig å avkjøle og sette mat i kjøleskapet innan cirka to timar.

Restemat held seg i kjøleskap i to til fire dagar. Bruk sansane og vurder maten før han blir ete. Skal du ikkje ete maten i nærmaste framtid, frys han omgåande.

Når det gjeld ris, bør du berre koke den mengda du treng til kvart måltid. Kokt ris og pasta som står framme kan laga giftstoff. 

Matvarer utan emballasje og matrestar bør ikkje ligge ope i kjøleskapet eller frysaren, men pakkast inn eller puttast i boksar med lokk, slik at dei ikkje forureinar annan mat i kjøleskapet, tar smak eller tørkar ut. Det er spesielt viktig å unngå kontakt mellom rå og ferdiglaga mat.

For næringsmiddel som ikkje er lettskjemte, som brød og syrna mjølkeprodukt som yoghurt, kan misfarging, lukt, smak eller synleg vekst av mugg vere ein indikasjon på at mikroorganismane har tatt overhand, og du ikkje bør ete produktet.

*Kva *gjer du med muggen mat?

Oppbevaring i frysar

Ha oversikt over kva du har i frysaren, og bruk frysematen din.

Haldbarheit på mat i frysaren

Du kan fryse omtrent alle næringsmiddel før haldbardato og halde den trygg i årevis. Det er store variasjonar i kor lenge ulike typar mat held oppe kvaliteten ved fryselagring. Kvaliteten vil reduserast etter 3-12 månader, avhengig av produktet. Frosne matvarer anbefaler vi å sjå, lukte og smake på for å vurdere kvaliteten.

For kjøttprodukt vil haldbarheita blant anna avhenge av feittinnhald i produktet. Feitt er det første som harsknar, så magert kjøtt har generelt lenger haldbarheit enn kjøttprodukt med høgare feittinnhald. Storfekjøtt og viltkjøtt vil for eksempel halde seg lengre enn salte kjøtt med mykje feitt. Er du usikker på ei matvare, kontakt produsenten.

Bruk frysaren for å redde mat (matvett.no)

Ha kontroll med temperaturen i frysaren

Sjekk termometeret i frysaren. Temperaturen skal vere -18 ° C eller lågare.

Det er viktig at temperaturen i frysaren blir halden stabil. Is/snø rundt og i emballasjen kan vere eit teikn på uheldige temperatursvingingar. Is/snø i frysaren verkar isolerande, og frysaren blir for varm. Da bør du avrime frysaren din.

Ikkje sett varm mat og drikke i frysaren

Varme matvarer vil auke temperaturen i frysaren. Kjøl ned og frys gjerne i mindre behaldarar.

For at kvaliteten på matvarene skal vere best mogleg må innfrysinga skje så raskt som mogleg og før siste forbruksdag.

Tin frosen mat rett

Frosen lettskjemt mat bør tinast raskt i varmt vatn eller *mikro eller i kjøleskapet. Unngå at frosen lettskjemt mat blir tint på kjøkkenbenken, da tida i romtemperatur blir for lang og du kan få svært mange bakteriar i maten.

I mikrobølgeomn vil maten varmast opp ujamt, og late etter seg "kalde" og "varme" stader der mikrobar kan overleve. Derfor, når frosne middagsrestar blir tinte og oppvarmes i mikrobølgeomnen, må du passe på å røre slik at alle delar av maten er gjennomvarme.