Kva gjer du med muggen mat og drikke?

Du kan ofte ete maten sjølv om det er mugg på han. Det kjem an på kva for matvare som er muggen.

Publisert

Muggen mat kan innehalde muggsoppgifter. Dersom maten er mjuk eller flytande, kan det vere muggtrådar langt inn i maten. Desse trådane kan du ikkje alltid sjå. Mjuke eller flytande næringsmiddel skal du difor kaste når dei er byrja å mugne.

Harde matvarer er trygge å ete så lenge du skjer bort muggen og rikeleg av området rundt muggen. 

Hard ost og mjuke meierivarer 

Muggflekkar på faste eller harde ostar som gulost, brunost, parmesan og manchego kan du skjere bort med god margin, rundt 2,5 cm rundt det mugne området. Mjuke ostar, yoghurt og andre mjølkeprodukt med mugg bør du kaste. 

Kjøtt, fisk og pålegg

Slik mat med mugg bør du kaste. Unntaka er hardt tørka kjøtt som fenadlår, salami, spekeskinker og anna spekemat der du kan skjere muggen bort med god margin. 

Brød 

Unngå å ete brød som har mugna. 

Harde grønsaker 

Mugg på grønsaker som kål, nepe, gulrøter og andre rotgrønsaker kan du skjere bort med god margin. 

Frukt, bær og mjuke grønsaker

Kast frukt, bær og mjuke grønsaker som tomatar, agurk og fersken som er mugne eller rotne. Bruk berre friske frukter eller bær til syltetøy, saft, mos og most (til dømes eplemost). 

Syltetøy

Syltetøy med mugglag bør du kaste. Viss du vil unngå mugg på syltetøy, kan du fryse ned syltetøyet i mindre porsjonar.

Saft og juice

Slike produkt med mugg bør du kaste.

Nøtter

Mugne nøttekjernar bør du kaste. Ver spesielt merksam på om paranøtter er mugne i midten.

Om muggsopp og muggsoppgifter

Sopp er blant dei nedbrytande organismane i naturen. Omtrent 100 000 forskjellige soppartar er kjende til no, men ein reknar med at det er mange fleire. Muggsoppane er mikrosoppar, og det er denne typen sopp vi finn som kvite, grøne eller gråbrune flekkar eller koloniar i matvarer. Mange soppartar produserer giftstoff (toksin) for å verne seg mot omgivnadene. Muggsoppgifter kallar vi mykotoksin.

Mykotoksin kan dannast når muggsopp veks på mat eller fôr. Nokre mykotoksin finst berre i sjølve muggkolonien, men dei fleste blir skilde ut også ut i maten via sopphyfar/mycel. Dei fleste mykotoksina toler godt varmebehandling, og generelt gjeld det at når mykotoksin først er til stades i eit fôr- eller næringsmiddel, blir det der når det blir foredla og lagra vidare.

Mykotoksin kan verke negativt på forskjellige organ i kroppen, alt etter kva mykotoksin det dreier seg om. Dei fleste av desse giftene har langsiktige effektar, men større dosar kan til dømes gi akutte magesymptom og akutt nedsett immunforsvar. Stoffa kan på lang sikt svekkje immunforsvaret og vere kreftframkallande. Enkelte av dei kan vere gentoksiske og føre til varige skadar på gena/arvestoffet.

Muggsoppsporar finst naturleg i omgivnadene og på overflata av korn, frukt og bær. For å hindre eller forseinke muggvekst i næringsmiddel kan ein til dømes sørgje for å oppbevare tørre produkt som mjøl, korn, brød og andre kornprodukt i tørre omgivnader.

Meir om muggsoppgifter (mykotoksin)