Er det trygt å ete tang og tare?

Tang og tare kan bidra både med viktige næringsstoff og som smaksforsterkar i kosthaldet. Nokre produkt kan likevel innehalde helseskadelege nivå av visse stoff som uorganisk arsen, kadmium og jod. Inntil vi har meir kunnskap på plass, tilrår Mattilsynet at folk ikkje et store mengder med tang og tare og også unngå visse produkt.

Fagleg oppdatert

Tang og tare er planteliknande organismar som består av tre grupper: brunalgar, raudalgar og grønalgar. Artar frå alle desse gruppene blir brukte til mat.

Andre brukte namn på tang og tare er makroalgar, algar, grønsakene i havet, sjøtang, sjøgras. Engelske namn er seaweed, macroalgae, algae, kelp. Tang og tare er fleircella organismar, til skilnad frå mikroalgar.

Norske artar som kan vere aktuelle til bruk i næringsmiddel

Kan innehalde stoff i helseskadelege mengder

Inntak av visse produkt av tang og tare i for store mengder kan vere helseskadeleg.

Sidan det er mykje vi framleis ikkje veit konsentrerer vi i Mattilsynet innsatsen på mattryggleiken. Vi jobbar kontinuerleg med å samle kunnskap, utvikle regelverk og gi råd til befolkninga om denne matvaregruppa.

Havforskingsinstituttet har på oppdrag frå Mattilsynet samanfatta kunnskapen om tang og tare til bruk i mat og fôr. Her kan du lese kva artar av tang og tare som inneheld mest og minst av stoff som kan vere helsefarlege i store mengder. Det er særleg høgt innhald av uorganisk arsen, kadmium og jod som kan vere problematisk. 

Kunnskapsoppdatering om mattryggleik i tang og tare 2020 (PDF)

Uorganisk arsen

Uorganisk arsen finst i ei rekkje tradisjonelle matvarer og ikkje berre i algar. For høgt inntak av uorganisk arsen kan føre til sjukdommar som hudkreft og lungekreft.

Det er enno ikkje laget grenseverdiar for uorganisk arsen i tang og tare, men for ein del andre matvarer finst det både grenseverdiar, råd og åtvaringar.

Les meir om arsen

Kadmium

Kadmium finst i ei rekkje tradisjonelle matvarer og ikkje berre i algar. Kadmium er eit giftig tungmetall som hopar seg opp (blir akkumulert) i kroppen. For mykje kadmium kan gi nyreskadar, beinskjørheit og auke risiko for å få kreft.

Det er enno ikkje laget grenseverdiar for kadmium i tang og tare, men for ein del andre matvarer finst det både grenseverdiar, råd og åtvaringar.

Les meir om kamium

Jod

Jod er eit essensielt mikronæringsstoff som inngår i hormon som blir produserte i skjoldbruskkjertelen. Desse hormona er viktige for regulering av stoffskifte i kroppen, og både utilstrekkeleg og for høgt inntak kan føre til helseproblem. Nokre tang og tare-produkt inneheld svært høge nivå av jod. Jod er derfor klassifisert som ein mogleg fare i denne samanhengen.

Det er viktig med tilstrekkeleg inntak av jod for helsa, men inntak av for mykje jod, spesielt over lengre tid, er skadeleg.

Nokon er meir sårbare for høgt jod-innhold enn andre. Dette gjeld særleg gravide, ammande, små barn og folk som har sjukdommar i skjoldbruskkjertelen. I tillegg må dei som har milde til moderat jod-mangel vere klar over at skjoldbruskkjertelen bruker tid på å tilpasse seg. Plutselege høge inntak av jod kan derfor auke førekomsten av forstyrringar i skjoldbruskkjertelen for denne gruppa.

Tilrådd dagleg inntak av jod for barn over 10 år og vaksne blir rekna som 150 mikrogram.  Dagleg inntak over 600 mikrogram blir frårådde.  For barn under 10 år og for spedbarn i alderen 7–11 månader, er tilrådd dagleg inntak endå lågare, 70 –130 mikrogram per dag.

Les meir om jod:

Fakta om jod (fhi.no)

Kan tang og tare brukast som kjelde til jod i kosten (helsedirektoratet.no)

Dei ulike tanga og tareartane har svært ulikt innhald

Tang og tare har spesielle eigenskapar som fører til at dei samlar opp stoff som jod og tungmetall frå sjøvatnet, utan at vatnet i seg sjølv er forureina. Det er store variasjonar både mellom artar, veksestad, alder og årstider.

Rød- og grønalgar har generelt lågare nivå av jod enn brunalgar. Raudalgen trøffeltong/grisetang-dokke er eit klart unntak, han har nivå av jod på linje med brunalgar. Innhaldet av kadmium er generelt høgare i brunalgar og raudalgar enn i grønalgar.

Brunalgen fingertare kan ha eit problematisk høgt nivå av uorganisk arsen.

Mattilsynet åtvarar mot å ete fingertare

Les meir om kva dei ulike artane inneheld (tabell 2)

Importerte tong- og tareprodukt

Det blir ein rekkje importert tong- og tareprodukt som blir mellom anna brukte i sushi-retter. Nori-tong blir brukt på utsida av maki-rullar. Den inneheld moderate mengder med jod.

Wakame – òg kalla sjøgras – inneheld mykje jod. Likevel er Wakame-salat du får kjøpt i butikk eller servert på sushirestaurantar, behandla på ein slik måte at han inneheld mindre jod. I Matvaretabellen finn du informasjon om næringsinnhald inkludert sporstoffet jod i Wakamesalat og tørka Nori.

Kombu-tong blir ofte brukt i supper. Den kan innehalde større mengder med jod, på nivå med ein del norske brunalgar.

Det er òg noko import av hijiki-tang. Mattilsynet åtvarar mot å ete hijiki-tang fordi han inneheld store mengder av uorganisk arsen fordi han inneheld store mengder av uorganisk arsen.

Samanlikning av jod i tang og tare og andre matvarer

Ein del artar av tang og tare kan innehalde fleire tusen gonger så mykje jod som annan mat. Brunalgen sukkertare har til dømes spesielt mykje jod og kan innehalde langt over 5000 mg jod/kg tørrvekt.

I dømet under kan du sjå korleis du kan rekne ut mengd av jod dersom du bruker ei toppa matskei tørka sukkertare i ei matoppskrift:

1 toppa matskei (ms) = ca. 5 g eller 0,005 kg sukkertare
0,005 kg x 5 000 mg jod/kg tørrvekt sukkertare = 25 mg jod

Det betyr at den eine matskeia vil bidra med 25000 mikrogram jod i oppskrifta di. Det kan òg vere andre råvarer i oppskrifta di som kan bidra til det totale jodinnholdet.

Sjølv om ein i løpet av ein dag berre et ein mindre del av denne matretten, kan tilrådd dagleg inntak på 150 mikrogram bli overskridt svært mange gonger.

Til samanlikning inneheld eitt glas mjølk (2 dl) ca. 30 mikrogram og 100 gram kokte sei ca. 270 mikrogram jod.

Bearbeidingsmetodar kan endre innhaldet av stoff

Bearbeidingsmetodar som tørking, fermentering, skyljing og varmebehandling kan endre innhaldet og spesielt kan jod-innholdet reduserast. Nokre metodar kan brukast både av næringsmiddelprodusentar og heime på kjøkkenet.

Likevel kan nokre produkt framleis innehalde svært høge nivå av jod etter bearbeiding.

Innhaldet av tungmetall kan òg endrast ved visse typar prosessering, eventuelt òg blir oppkonsentrert. Det går føre seg ein del forsking på effekt av bearbeiding, både i Noreg og i andre land.

Kor mykje er det trygt å ete?

Det manglar framleis ein del kunnskap om bruk av tang og tare som mat og det er store variasjonar mellom artar og produkt og kva ulike grupper av befolkninga toler. Vi kan derfor ikkje gi generelle råd om kor mykje ein kan ete.

Vi veit heller ikkje nok om opptak av metall og jod i kroppen og kor mykje folk et av tang og tare i Noreg. Vi er ikkje så vande med å ete mykje tang og tare her, som dei har kultur for i Asia.

Av og til kan måtar å lage mat av tang og tare på, endre innhaldet. Nokre produkt har mykje jod og metall, og det kan vere vanskeleg å vite kor mykje ein kan ete kvar dag, medan andre har mykje mindre innhald. Merkinga av produkta kan òg vere mangelfull, og då blir det ekstra vanskeleg å vite kor mykje ein kan ete.

Inntil vi veit meir, kan det vere lurt å ikkje ete store mengder med tang og tare.

Hugs det generelle rådet om å ete variert! Eit variert og sunt kosthald gir deg eit godt grunnlag for god helse og bidreg til at du får i deg næringsstoffa du treng og minskar risikoen for helseskadelege mengder av visse stoff.

Hugs å avkjøle varmebehandla tang og tare

Det er viktig å kjøle ned matretter som har vore varmebehandla, inkluderte rettar med tang og tare, viss du skal lagre dei og vente ei stund før du et dei.

Du bør unngå å la dei stå i romtemperatur for å hindre at farlege bakteriar veks. Risikoen for bakterievekst er lågare for ferske eller tørka produkt.

Les meir om kjøkkenhygiene

Råd til eiga hausting

Tang og tare må haustast i område med reint vatn. Unngå nærleik til kloakkutslepp, hamnar, elvar og forureina fjordar. Du bør primært sanke i vatnet og ikkje frå stranda eller det som flyt i sjøen og ikkje sit fast.

Reingjer godt det du har plukka, før du et det. Skyl og reins det i sjøvatnet ved innsamlinga. Du kan òg vaske tang og tare i drikkevatn, men dette må skje rett før bruk, sidan ferskvatn set ned haldbarheita.

Hald deg til kjende artar som er kartlagde og unngå fingertare.

Les meir om tang og tare som mat