Arsen

Arsen er eit stoff som finst i naturen både naturleg og som forureining. I mat finn vi arsen som organiske eller uorganiske sambindingar.

Publisert

Det er dei uorganiske sambindingane som er giftige. Dei kan føre til kreft i lunger, blære og hud. Dei matvaregruppene som inneheld flest uorganiske arsensambindingar, er ris, risprodukt og kosttilskot som er baserte på algar.

Det har til nyleg vore vanskeleg å skilje dei ulike formene for arsen ved hjelp av analyse. Difor er mesteparten av den kunnskapen vi har om nivået av arsen i mat, uttrykt som den totale mengda arsen, utan at det er spesifisert om det er organiske eller uorganiske sambindingar.

Fisk og sjømat

Fisk og sjømat er den matvaregruppa som i størst grad er undersøkt med tanke på skiljet mellom uorganisk og organisk arsen. I fisk og sjømat finn vi 97–99 prosent av arseninnhaldet i organiske sambindingar som ikkje er helseskadelege.

Eit unntak er hiziki/hijiki, ein tangart som blir brukt i kosttilskot, og som er kjend for å kunne innehalde store mengder giftig uorganisk arsen.

Korn og kornprodukt, grønsaker, flaskevatn og kaffi

I Noreg og Europa er det korn og kornprodukt, grønsaker, flaskevatn og kaffi som er dei viktigaste bidraga til inntaket av uorganisk arsen. Det er fordi desse produkta er ein så stor del av kosthaldet vårt.

Algarer og ris/risprodukt

Kosttilskot som er baserte på algarer samt ris/risprodukt er dei matvaregruppene som inneheld flest uorganiske arsensambindingar. Nokre enkle tiltak når du koker ris kan bidra til redusere mengda uorganisk arsen. Å bruke ekstra mykje vatn under kokinga og helle av overskotsvatnet etterpå, reduserer nivået betrakteleg.

Grenseverdiar for arsen

Det er sett grenseverdiar for arsen i drikkevatn, ris, enkelte risprodukt og ris berekna på framstilling av næringsmiddel for spedbarn og småbarn.

Ikkje det same stoffet som det vi i Noreg kallar arsenikk

Arsen er eit grunnstoff og heiter ”arsenik” på svensk og ”arsenic” på engelsk. Dette er ikkje det same stoffet som det vi i Noreg kallar arsenikk. Arsenikk er ei uorganisk arsensambinding med det kjemiske namnet arsentrioksid (As2O3). Dette stoffet er svært giftig.

Kan små barn få i seg for mye arsen av å spise ris?