Ikkje lenger krav om eigenerklæring frå produsent eller attest frå veterinær ved innførsel høy og halm frå EU
Tidlegare var det krav om eigenerklæring frå produsent eller attest frå veterinær ved innførsel av høy og halm frå EU-land, for eksempel Sverige. Dette er det ikkje lenger krav om, sidan vi ikkje har heimel til å forby innførsel av dyr og varer som er regulert gjennom EØS-avtalen.
Du finn krav til samhandel med gras, høy, halm og lucerne frå land i EØS i § 8.3 i forskrift om forbod mot innførsel av dyr og smitteførande gjenstandar. Viss vara er berekna til dyrefôr, strø eller på ein annan måte kjem i kontakt med dyr, må det følge med ei stadfesting frå produsenten om at vara er hausta på areal som ikkje er gjødsla med husdyrgjødsel dei siste to åra. I tillegg krevst det ein attest frå offentleg veterinær i avsendarlandet om at vara kjem frå eit område utan restriksjonar på grunn av smittsam dyresjukdom.
Denne forskrifta er under endring. I § 8.3 og 8.4 vil det ikkje lenger vere krav om stadfesting frå produsent og attest frå offentleg veterinær. Dette forenklar samhandelen og aukar antakeleg ikkje risikoen for smitteintroduksjon nemneverdig. Sjølv om forskriftsendringa ikkje er gjennomført ennå, gjeld bortfallet av dette kravet omgåande. Når to forskrifter er i konflikt med kvarandre, har EØS-regelverket forrang framfor det nasjonale regelverket.
Innførsel av høy og halm til Noreg skal derfor følge EU-harmonisert regelverk. Dette inneber at kravet om eigenerklæring og attest fell bort omgåande.
Sjå meir informasjon i rettleiaren "Tekniske bestemmelser ved import og samhandel av fôr".
Vidare viser Mattilsynet til forskrift om floghavre og forskrift om plantar og tiltak mot planteskadegjerarar for særlege krav ved import og samhandel.
Her vil vi spesielt vise til
- § 8 i forskrift om floghavre: Det er forbode å importere floghavre og produkt som inneheld floghavre. Det er unntak for korn, erter og frø til ei verksemd som øydelegg spireevna hos floghavren i den vidare behandlinga av produktet. Det er importøren som har ansvar for å dokumentere at produkta (halm, julenek og liknande) ikkje inneheld floghavre. Når det gjeld import av korn, erter og frø som skal nyttast til fôr, blir det stilt ytterlegare krav i forskrifta § 12. Les meir om krav til verksemder som produserer eller importerer heilt korn, erter og frø til fôr, i Import av produkter som kan inneholde floghavre.
- § 18 i forskrift om plantehelse: Det er forbode å bruke gras, høy og halm som emballasje ved import av plantar og plantedelar.