Fugleinfluensa og newcastlesjuke – no er smittevern viktig
Det er viktig at du som har fjørfe, har godt smittevern og at du har låg terskel for å melde frå til Mattilsynet ved mistanke om sjukdom.
Du som har fjørfe, er smittevernsjef i anlegget ditt. Den aller viktigaste jobben du kan gjere for å hindre smitte i flokken din, er å tenke førebygging i alt du gjer. Dei fleste sjukdommar smittar før sjukdomsteikn opptrer, så tenk på det kvar gong du går inn og ut av fjøset ditt.
Dersom du driv eit kommersielt dyrehald, er du forplikta til å ha ein skriftleg smittevernplan: Smittevernplan for alle næringsretta dyrehald. Smittevernplanen skal oppdaterast minst ein gong i året, kanskje det er på tide å sjå på han no?
Du er også forplikta til å ha ei smittesluse: Smittesluse i anlegg med næringsrettet dyrehold. Hugs at alle som går inn i dyrehaldet ditt, må bruke denne. Tenk også nøye over kven du slepp inn til dyra dine. Mattilsynet anbefaler at du held talet på besøkande på eit absolutt minimum.
Går du på jakt og driv med fjørfe? Da kan du dra smitte frå ville fuglar inn til dyra dine. Mattilsynet anbefaler at folk som handterer ville fuglar, ikkje går inn i dyrehald med fjørfe.
Hugs at eventuell smitte i dyrehaldet ditt ikkje berre vil få konsekvensar for deg og dyra dine, men for alle som har dyrehald med fjørfe i ein omkrets på 10 km rundt dyrehaldet ditt.
Meld frå til Mattilsynet ved mistanke om smitte
Viss du har mistanke om fugleinfluensa eller newcastlesjuke, må du straks melde frå til Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.
Dei vanlegaste symptoma på fugleinfluensa:
- auka dødelegheit
- nedsett fôr- og vassinntak
- nedsett eggproduksjon
- kliniske teikn på sjukdom
OBS: Det er gjort funn av fugleinfluensa i andre land der fuglane ikkje har vist teikn på sjukdom. Dette gjeld særleg for slaktekylling. Det er derfor viktig at ein er spesielt merksam på endringar i fôrinntaket. Av og til er redusert fôrinntak den einaste indikatoren på at smitten har komme inn i flokken.
Ver klar over at ulike fugleartar viser varierande grad av kliniske symptom på fugleinfluensa. I dyrehald med kalkun og høns kan det vere mange plutselege dødsfall utan tidlegare symptom, mens ender og gjæser i mindre grad viser kliniske teikn på sjukdom.
Symptom på newcastlesjuke:
- nedgang i verpeprosent
- forandringar i eggeskal og auka førekomst av skinnegg (egg utan skal)
- nedsett fôr- og vassopptak
- fuglar som døyr plutseleg
- fuglar som veks dårlegare enn forventa
- fuglar med diaré
- fuglar med symptom frå luftvegane (snue, hoste)
- generell endring av åtferd i flokken
Symptoma på newcastlesjuke varierer sterkt avhengig av kva virusstamme dyra er smitta med.
Vidare vil sjukdommen arte seg ulikt avhengig av art, alder og immunstatus hos fuglar som blir ramma.
Newcastlesjuke kan variere frå akutt forløp med høg dødelegheit til eit sjukdomsforløp med få eller ingen symptom.
I dei seinaste utbrota av newcastlesjuke har det ikkje vore symptom på sjukdom hos fuglane, men hos verpehøns har det vore eit kraftig dropp i eggproduksjonen, nedgang i fôropptak og forhøgd tal på egg utan skal og egg med forandringar i eggeskalkvalitet.
Ved mistanke, kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.