Smittevernplan for alle næringsretta dyrehald
Driftsansvarlege i anlegg med næringsretta dyrehald skal ha rutinar som sikrar godt smittevern.
Dersom du driv med storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr og fjørfe i eit anlegg som får produksjonstilskot og/eller har ei omsetning som overstig grensa for å vere meirverdiavgiftspliktig, må du ha ein smittevernplan. Alle anlegg der det blir halde kameldyr blir rekna som næringsretta, og må ha ein smittevernplan. Kravet om smittevernplan gjeld ikkje for dyresamlingar, dyreparkar, sirkus og besøksgardar. Vi tilrår likevel at du som driv med slike aktivitetar lagar ein skriftleg smittevernplan.Kven må ha ein skriftleg smittevernplan?
Smittevernplanen gjeld for alle som arbeider på anlegget. Det er ansvaret til den driftsansvarlege å sikre at alle som arbeider på anlegget kjenner og følgjer smittevernplanen. Smittevernplanen skal oppdaterast årleg, og visast til Mattilsynet dersom vi ber om det ute på tilsyn.Kven gjeld smittevernplanen for?
Ein smittevernplan skal beskrive kva rutinar du har for å sikre godt smittevern i anlegget ditt. Den skal med andre ord beskrive kva du gjer for å førebyggje smitte inn og ut av anlegget. Det er viktig at smittevernplanen er tilpassa det enkelte dyrehaldet. Smittevernplanen skal gjelde for alle delar av drifta som gjeld dyr. Smittevernplanen skal vere skriftleg og må minst innehalde følgjande punkt:Kva må ein smittevernplan innehalde?
Smittevernplanen skal hjelpe deg til å førebyggje smitte til og frå dyra i anlegget ditt. Ein smittevernplan vil gjere deg som dyreeigar meir medvite på kva du kan gjere for å hindre slik smitte. Når du lagar smittevernplan, må du tenkje gjennom smitte farane knytt til eiga drift. Med utgangspunkt i dette må du lage rutinar for å hindre at smitte kjem inn i eller ut av anlegget ditt. Det vil alltid lønne seg å førebyggje sjukdom framfor å behandle han. Viss vi førebyggjer smitte, får vi friskare dyr. Dette betyr vidare at vi får mindre antibiotikabruk og mindre smitte mellom dyr og menneske.Kvifor må du ha ein smittevernplan?