Informasjon om smitteførebygging til veterinær­studentar som studerer eller har praksis i utlandet

Dyr i mange andre land har ein annan smittestatus enn norske dyr. For å hindre introduksjon av smitte til norske husdyr­hald finst det fleire reglar om smitte­førebygging. Du som studerer eller har praksis i utlandet, bør kjenne til desse.

Fagleg gjennomgått

Viss du har hatt kontakt med dyr i utlandet, er det svært viktig at du ikkje tar smitte med tilbake til norske husdyr. Du som skal ha veterinær­praksis i Noreg, må vere ekstra påpasseleg.

Slik kan du unngå å ta med smitte til Noreg

Vask og desinfiser klede og skotøy

Klede og utstyr som du bruker i veterinær­praksis i utlandet, bør du ideelt sett ikkje ta med til Noreg. Dersom du likevel må ta det med, er det viktig at du vaskar og desinfiserer alt av utstyr og klede som du har brukt når du har vore i kontakt med dyr i utlandet. Klede og skotøy som har vore brukte i område med alvorleg smittsam dyre­sjukdom, kan ha med seg smitte sjølv om dei ikkje har vore i nærleiken av eit dyr som er sjukt. Du bør vaske og desinfisere klede og skotøy før du reiser tilbake til Noreg. Viss dette ikkje er mogleg, kan du pakke det i tette plast­posar og vaske og desinfisere det når du kjem heim.

Fjern all synleg forureining først. Deretter må du vaske klede og skotøy i vaske­maskin på minst 60 grader, helst 70 grader, med eigna vaskemiddel på vanleg vaske­program (ikkje kortprogram). Dersom klede eller skotøy ikkje kan vaskast ved høg nok temperatur, kan du i tillegg til vask legge det i desinfeksjonsvæske, for eksempel 2 % Virkon S eller 2 % NAOH i minst 30 minutt.

Vask og desinfeksjon av utstyr

Fjern all synleg forureining. Deretter må du koke utstyret i 30 minutt, vaske det i oppvaskmaskin på over 70 grader eller legge det i desinfeksjons­løysing, for eksempel 2 % Virkon S eller 2 % NAOH, i minst 30 minutt.

Mange desinfeksjons­middel er etsande, men Virkon S (2 %) er mindre etsande enn mange andre. Les brukar­rettleiinga for desinfeksjons­middelet nøye.

Unngå kontakt med norske husdyr

Hugs at det skal gå minst 48 timar, helst 72 timar, frå du har vore i eit område med alvorlege smittsame dyresjukdommar til du har kontakt med norske husdyr.

Hundar eller andre kjæledyr som har vore på jakt eller i kontakt med dyr i utlandet

Hundar og andre kjæledyr som du eventuelt tar med deg til Noreg etter opphald i utlandet, bør få ein grundig vask før dei blir tatt med til Noreg. Dei bør ikkje vere i kontakt med husdyr i Noreg før det har gått minst fem dagar sidan dei var i kontakt med dyr i andre land.

Dersom du har vore i område med smitte eller i kontakt med dyr med smitte i utlandet

Dersom du har vore i område med smitte, eller eventuelt i kontakt med dyr som har fått påvist alvorleg smittsam dyre­sjukdom, er det meir sannsynleg at du kan ta med deg smitte via klede og utstyr. Du kan også i nokre tilfelle bere med deg smitte i slim­hinner og luftvegar ei stund etter at du har vore i kontakt med sjuke dyr. I slike tilfelle kan det vere anbefalt med ei lengre karens­tid enn det regelverket krev.

Dersom du har vore i dyrehald som har fått påvist alvorleg smittsam dyre­sjukdom, eller i område der det er eit utbrot av alvorleg smittsam dyre­sjukdom som for eksempel munn- og klauvsjuke, anbefaler vi at du informerer veterinæren som du skal ha praksis hos i Noreg. Da kan de saman vurdere kva type kontakt du har hatt med sjuke dyr i utlandet, og gjere smitte­førebyggande tiltak for å unngå smitte til norske dyr.

For munn- og klauvsjuke (MKS) anbefaler Mattilsynet at personar som har vore i område med smitte, unngår kontakt med artar som er mottakelege for sjukdommen, i fem dagar. Har du vore i dyrehald med påvist MKS, anbefaler Mattilsynet at du ikkje er i kontakt med mottakelege artar på sju dagar, i tillegg til at du følger oppfordringane om vask og desinfeksjon av klede og utstyr.

Les meir om reglar om smitteførebygging

Meld frå ved mistanke om alvorleg smittsam dyresjukdom

Jo tidlegare vi avdekkjer alvorleg smittsam dyresjukdom, jo enklare er det å redusere konsekvensane av eit utbrot. Det er derfor viktig at du som har mistanke om, eller påviser alvorleg smittsam dyresjukdom, melder frå til Mattilsynet omgåande på telefon 22 40 00 00. Telefonen er døgnbemanna.

Melde om smittsom dyresykdom

I Noreg blir dyresjukdommar delte inn i nasjonal liste 1-, liste 2- og liste 3-sjukdommar. Alvorsgrada og smittepotensialet til sjukdommen avgjer kva liste ho hamnar på, og kva reglar som gjeld for den aktuelle sjukdommen.

Dyresykdommer på nasjonal liste 1, 2 og 3

Hald deg oppdatert

For å halde deg oppdatert på siste nytt om kva som skjer på dyresjukdomsfronten i Noreg og utlandet, anbefaler vi at du abonnerer på nyheitsbreva våre. Du kan enkelt registrere deg for nyheitsbreva våre.