Til hovedinnhold

Hygiene i anlegg med dyr

Reingjering er eit viktig førebyggjande tiltak mot spreiing av smitte.

Fagleg oppdatert

Det skal vere mogleg å gjennomføre vask og desinfeksjon for å vareta god hygiene i alle anlegg med dyr.

Rettleiing

Det er ikkje krav om innlagt vatn, men både varmt og kaldt vatn skal vere tilgjengeleg i anlegget slik at det er lett å reingjere hender, støvlar, overtrekkstøy og utstyr.

Rennande vatn frå kran er best for å få til effektiv reingjering, men ei bøtte og børste kan vere eit alternativ.

Såpe er avgjerande for å få til effektiv reingjering, og det er heilt nødvendig å vaske godt før desinfeksjon for at desinfeksjonsmiddel skal verke.

Alt brukt utstyr som har vore i direkte eller indirekte kontakt med dyr, må vaskast grundig. Du er ansvarleg for å vurdere om det også er nødvendig å desinfisere utstyret. Ver spesielt merksam på utstyr som kjem frå utlandet.

Regelverk

Dyrehelseforskrifta