Til hovedinnhold

Klage på veterinær eller anna dyrehelsepersonell

Mattilsynet behandlar ikkje klager på pris

Mattilsynet får ein del klager på prisen på veterinærtenester. Det er fri prisfastsetjing på veterinærtenester i Noreg, og det er derfor ikkje grunnlag for å klage på prisen på utførte tenester.

Du kan bli kontakta

Etter at vi har fått klaga, vil vi sende deg ei stadfesting på at førespurnaden er mottatt. Du kan bli kontakta for å gi utfyllande informasjon om saka. Du kan velje å vere anonym, men det gjer det vanskeleg å behandle klaga.