Krav til verksemder – potetcystenematode (PCN)

Verksemdene har sjølv eit ansvar for ikkje å spreie PCN.

Publisert

Regelverket stiller krav til verksemder som importerer poteter, produserer poteter eller tar imot poteter eller uvaska grønsaker med rot for sortering, vasking, pakking eller industriell bearbeiding.

Det blir også stilt krav til verksemder som produserer plantar med røter dyrka på friland for omsetning, verksemder som omset jord, organiske dyrkingsmedium og jordforbetringsmidlar og verksemder som flyttar på jordmassar i samband med anleggsverksemd.

Mattilsynet fører tilsyn med at produksjonen av settepoteter og plantar med røter dyrka på friland og omsetninga av jord, organiske dyrkingsmedium og jordforbetringsmidlar skjer i samsvar med regelverket.

Viss Mattilsynet finn PCN, kan vi pålegge tiltak for å hindre spreiing. Tiltaka kan variere avhengig av kva art eller rase av PCN som er funnen, og kva areal eller kva produksjon det gjeld.

Retningslinje ved påvising av gul eller kvit potetcystenematode