Planter skal ved import vera frie for planteskadegjerarar og følgde av eit plantesunnheitssertifikat

Mattilsynet vil i 2025 prioritere import av planter gjennom risikobasert kontroll av dokument og vareparti og tilsyn med importørens mottakskontroll. 

Publisert

Importørane skal gjennomføre mottakskontroll.

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2025?

Mattilsynet treng innsikt i plantehelsestatusen for importerte varer med høg plantehelserisiko. Inspeksjonar har avdekt avvik i plantesunnheitssertifikata og manglar i importørane sin mottakskontroll.

Kva er eit plantesunnheitssertifikat?

Eit offisielt dokument frå eksportlandet som stadfester at plantematerialet oppfyller plantehelsekrava til mottakarlandet. Alle planter skal ved import følgjast av eit plantesunnheitssertifikat. Importør skal kontrollere opplysningane på sertifikatet ved mottak.

Korleis planlegg Mattilsynet å arbeide med dette?

Mattilsynet vil gjennomføre digitale dokumentkontrollar og fysisk tilsyn med vareparti, samt sjå på importørens mottakskontroll.

Kva betyr dette for deg og di verksemd?

Planteimportørane kan forvente dokumentkontroll, varepartikontroll og tilsyn med mottakskontrollen frå Mattilsynet.