Planteprodusentar må følgje regelverkskrav for produksjon og dokumentasjon for å hindre spreiing av skadegjerarar

Mattilsynet prioriterer i 2025 tilsyn med produsentar av setteløk og skogsplanter.

Publisert

Denne prioriteringa er forankra i behovet i å sikre at næringa forstår og etterlever regelverket, og for å identifisere behov for eventuell vidare oppfølging.

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2025?

Friske plantar som innsatsvare i vidare produksjon, er avgjerande for å sikre god plantehelse i Noreg. I år fokuserer Mattilsynet på produsentar av skogsplanter og setteløk. Det er lenge sidan Mattilsynet sist var på tilsyn hjå desse næringane. Begge næringane eksporterer også noko av produksjonen sin.

Kva er krava til ein planteprodusent i plantehelseforskriften? 

Planteprodusentar skal vere registrert hos Mattilsynet, ha internkontroll for plantehelse, gjennomføre kontrollar i produksjonen, dokumentere aktivitetane sine, og ha nødvendig kompetanse. 

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?

Mattilsynet vil gjennomføre kontrollar hjå eit utval av dei som produserer setteløk og skogplanter. 

Kva betyr dette for deg og di verksemd?

Setteløk- og skogplanteprodusentar kan forvente tilsyn med fokus på internkontroll og kompetanse.