Bruk av fiskeslam i gjødselvarer

Det er ei aukande interesse for bruk av fiskeslam som råvare i gjødselvarer. Her får de ei oversikt over dei viktigaste reglane som gjeld for slik produksjon. 

Vis endring
  1. Veiledningen er oppdatert i tråd med nytt regelverk

    Veiledningen er oppdatert i tråd med gjødselvareforskriften og forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.

Innhald på denne sida

  1. Verksemder skal registrere seg hos Mattilsynet
  2. Marint fiskeslam skal ha løyve for å brukast i gjødselvarer
  3. Gjødselvarene skal overhalde grenseverdiane for tungmetall
  4. Produktet skal ikkje spreie smittestoff som forårsakar fiskesjukdommar
  5. Validering av smittereduserande behandling
  6. Produktet må vere stabilisert
  7. Aktsemdsplikt for miljøgifter
  8. Gjødselvarer skal ha varedeklarasjon
  9. De må gjere ei agronomisk vurdering
  10. Bruk av fiskeslam som gjødsel i økologisk landbruk
  11. Lokal bruk av ubehandla fiskeslam
  12. Fiskeslam kan bli inkludert i animaliebiproduktregelverket
  13. Eksport av gjødselvarer med fiskeslam

Fiskeslam er næringsrikt, og kan difor vere ei interessant råvare å nytte i produksjon av gjødselvarer, anten åleine eller i kombinasjon med andre råvarer. Gjødselregelverka stiller ei rekkje krav til kvaliteten på gjødselvarer og bruk av produkta. Regelverka stiller også krav til råvarer som blir brukte, og til produksjonen av gjødselvarer. Det er viktig at verksemder som produserer gjødselvarer av fiskeslam har god kjennskap til dei aktuelle regelverka.

 


Verksemder skal registrere seg hos Mattilsynet


Marint fiskeslam skal ha løyve for å brukast i gjødselvarer


Gjødselvarene skal overhalde grenseverdiane for tungmetall


Produktet skal ikkje spreie smittestoff som forårsakar fiskesjukdommar


Validering av smittereduserande behandling


Produktet må vere stabilisert


Aktsemdsplikt for miljøgifter


Gjødselvarer skal ha varedeklarasjon


De må gjere ei agronomisk vurdering


Bruk av fiskeslam som gjødsel i økologisk landbruk


Lokal bruk av ubehandla fiskeslam


Fiskeslam kan bli inkludert i animaliebiproduktregelverket


Eksport av gjødselvarer med fiskeslam

Gjødselvarer med fiskeslam kan omsetjast til EU/EØS-land og land utanfor EU/EØS-området dersom mottakarlandet aksepterer det.

Dette kan gjerast ved å følgje regelverket for produksjon av gjødselvarer i mottakarlandet, men det norske regelverk for produksjon av gjødselvarer vil framleis gjelde.

Eit anna alternativ ved eksport til EU/EØS-land, er å følgje det norske gjødselvareregelverket og nytte seg av prinsippet om gjensidig godkjenning av varer. Vi tilrår å søkje rettleiing i landet de ønsker å eksportere til.

Gjensidig godkjenning av varer (regjeringen.no)

EUs plantehelseregelverk gir ikkje løyve til å eksportere gjødselvarer frå Noreg til EU dersom varene inneheld plantemateriale. Dersom ei gjødselvare er laga av ei blanding av fiskeslam og plantemateriale vil det derfor ikkje vere tillate å omsetje til EU. De bør søkje rettleiing i landet de ønskjer å eksportere til.

Fiskeslam er førebels ikkje ei  tillaten råvare i produksjonen av gjødselvarer etter EUs nye gjødselvareregelverk (EU) 2019/1009 for CE-merka gjødselvarer.

Dersom ubehandla fiskeslam skal eksporterast, til dømes for behandling i biogassanlegg i EØS-land, skal det meldast som avfall etter Miljødirektoratets regelverk. Dykk kan lese meir om søknadsprosedyren her:

Eksportere meldepliktig avfall (miljodirektoratet.no)