Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2022
Mattilsynet utfører årleg eit overvakings- og kontrollprogram for plantevernmiddelrestar i næringsmiddel. Innhaldet av plantevernmiddelrestar i mat på den norske marknaden er lågt, og det er færre funn av plantevernmiddel i norskprodusert mat, enn i mat frå EU og land utanfor EU/EØS (tredjeland).
- Kva blei undersøkt?
1142 prøver av frukt, grønsaker, bær, andre vegetabilske produkt, inkludert foredla produkt og animalske produkt frå landdyr.
151 prøver av økologiske produkt.
I den EU-koordinerte delen av kontrollprogrammet, der produkta blir rullerte i treårig syklus, blei det kontrollert bygg/byggmjøl, eple, fersken/nektarin, havre/havremjøl, hovudkål, jordbær, salat, spinat, tomat, vin, kumjølk, svinefeitt og barnemat.
Prøveuttaket var relativt jamt fordelt mellom produkt produsert i Noreg, EU/EØS og land utanfor EU/EØS.
- Tidsrom
- 2022
- Kva leita vi etter?
Vegetabilske produkt blei analyserte for 379 stoff (plantevernmiddelrestar og metabolittar), ved bruk av to multimetodar. Somme prøver blei analyserte med spesialmetodar, der det berre blir søkt etter eitt eller nokre få plantevernmiddel (totalt 61 stoff).
- Kva fann vi?
Det blei påvist restar av plantevernmiddel i 40 % av dei norske produkta, i 70 % av produkta frå EU/EØS og i 63 % av produkta frå land utanfor EU/EØS.
Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 40 prøver (3,5 %). Av desse blei 28 prøver (2,5 %) vurderte til å vere overskridingar etter korrigering for måleusikkerheit.
Det var overskridingar i to prøver av norske produkt (grønkål), i to prøver i produkt frå EU/EØS (spinat og kvitvin) og i 24 prøver frå land utanfor EU/EØS (avokado, bordoliven i lake, bønner med belg, erter med belg, ingefærrot, kvede, måla koriander, mandel, paprika, pærer, ris, rosiner, te og vårløk).
Overskridingane i produkt frå Noreg og EU/EØS, blei vurderte å ikkje utgjere nokon helsefare for forbrukar. 14 av overskridingane i produkt frå land utanfor EU/EØS blei det vurdert å kunne medføre akutt helsefare for forbrukar.
I to økologiske produkt blei det funne restar av plantevernmiddel som ikkje er tillatne å bruke i økologisk produksjon (kvitløk frå Spania og tomat frå Noreg).
- Kven utførte oppdraget?
NIBIO
- Fil
- Rapport_Rester av plantevernmidler i næringsmidler 2022