Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2017
Overvakinga viser at nivået av plantevernmiddelrestar i mat er generelt lågt. Det er påvist få overskridingar. Dette tilseier at maten er trygg å ete med dei målte nivåa av plantevernmiddel.
Analyseresultata for alle prøver i 2017 viste at det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 17 prøver (1,3 %). Av desse blei 14 prøver (1,1 %) rekna som overskridingar. Det var ingen funn over grenseverdi i norske prøver.
- Hva ble undersøkt?
1283 prøver av ferske, fraus og prosesserte matvarer.
Dette omfatta 101 ulike vareslag av frukt, grønsaker, barnemat, animalske produkt, korn/ris og andre næringsmiddel frå 60 ulike land.
- Tidsrom
- 2017
- Hva lette vi etter?
Restar av plantevernmiddel, og funn av plantevernmiddelrestar over dei fastsette grenseverdiane i dei undersøkte matvarene.
- Hva fant vi?
Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt.
- Det var ingen funn av plantevernmiddelrestar over grenseverdi i norske prøver.
- Det blei funne plantevernmiddel over grenseverdi i 17 prøver (1,3%). 12 av desse var frå land utanfor EU/EØS.
- Etter at analyseusikkerheita blei trekt frå, blei 14 av desse prova (1,1 %) rekna som overskriding.
- Det blei påvist restar av fleire enn eitt plantevernmiddel i 34 % av prøvene. I éi prøve av rosiner frå Tyrkia blei det funne restar av 16 ulike plantevernmiddel, men ingen av funna var over grenseverdien. Av norske produkt var det to prøver av jordbær med restar av 9 ulike plantevernmiddel i same prøve. Ingen av prøvene hadde funn over grenseverdien.
- Det blei påvist restar av totalt 132 ulike plantevernmiddel. Det er soppmidlane boskalid, fludioksonil og imazalil som blei hyppigast påvist.
- Det blei påvist glyfosat i 8 av 13 byggprøver, alle frå Noreg.
- Det blei ikkje påvist restar av plantevernmiddel i barnemat og animalske produkt.
- Av 95 økologiske prøver, blei to prøver følgt opp. Det eine tilfellet kom av avdrift frå konvensjonelle naboeigedommar og det andre tilfellet kom av manglande reingjering ved eit prosesseringsanlegg.
Resultata frå overvakinga viser at det er ein nedgang i talet på overskridingar i forhold til 2016. Det er berre meldt inn éi prøve i EUs rapporteringssystem for helsefarlege funn i matvarer (RASFF).
Dette er det lågaste talet av helsefarlege funn som er påvist i perioden 2014 til 2017.
Tal- og prøvegrunnlaget varierer likevel frå år til år. Det er derfor naturleg at det kan vere variasjonar innanfor dei nivåa som er påviste.
- Hvem utførte oppdraget?
Mattilsynet og NIBIO
- Fil
- Rapport_Rester av plantevernmidler i næringsmidler 2017