Grenseverdiar for restar av plantevernmiddel i mat

For å sikre at restnivået i mat er helsemessig trygt, og at plantevernmidla blir brukte på lovleg måte, blir det sett grenseverdiar for restar av plantevernmiddel (maximum residue level, MRL) i næringsmiddel.

Publisert

Grenseverdiane er fastsette i forskrifter som blir handheva av Mattilsynet. Dei norske grenseverdiane er dei same som i EU.

MRLer blir sett ut frå omfattande dokumentasjon av dei agronomiske eigenskapane til plantevernmiddelet. Det overordna når ein set ein MRL, er at det skal sikre at restmengdene av plantevernmiddel i matvara ikkje er helseskadelege. Dette blir gjort ved å utføre inntaksberekningar der MRL blir kombinert for dei ulike matvarene med forbruksdata og inntaket av plantevernmiddelet blir samanlikna med fastsette grenseverdiar for helse, dvs. akseptabelt dagleg inntak (ADI) og akutt referansedose (ARfD).

Dersom berekninga viser uakseptabel risiko vil MRLen forkastast og plantevernmiddelet nektast godkjenning. Eksisterande grenseverdiar kan endrast viss bruksområdet er endra, eller viss det har komme ny dokumentasjon om dei toksikologiske eigenskapane til stoffa som tilseier at grenseverdien burde vere lågare.