Barnemat og plantevernmiddel
Grenseverdiane for restar av plantevernmiddel i barnemat er så låge at det i praksis ikkje skal finnast restar av desse i frukt og grønsaker som skal inngå i barnemat.
Det er sett grenseverdiar for innhaldet av plantevernmiddelrestar i næringsmiddel for å sikre at restnivået ikkje medfører fare for helseskade.
For næringsmiddel generelt blir grenseverdiane berekna ut frå inntak hos barn, sidan barn har høgare inntak per kg kroppsvekt enn vaksne, I tillegg blir inntaket berekna ut frå store porsjonar av dei ulike matvarene. For å skjerme dei aller minste barna ytterlegare, har ein laga eigne grenseverdiar for barnemat, morsmjølkerstatningar og tilskotsblandingar.
Desse grenseverdiane blir regulerte av forskrift om morsmjølkerstatning og tilskotsblandingar og forskrift om behandla kornbasert barnemat og annan barnemat til spedbarn og småbarn, og er igjen enda lågare enn grenseverdiane det blir refererte til ovanfor.
Er barn og babyar tilstrekkeleg beskytta mot plantevernmiddel?
Det blir brukt store sikkerheitsmarginar i vurdering av risiko for menneske generelt, nettopp for å ta høgde for at nokon, som barn, er meir kjenslevare enn andre.
Grenseverdiane er så låge at det i praksis ikkje skal finnast restar av plantevernmiddel i frukt og grønsaker som skal inngå i barnemat, morsmjølkerstatningar og tilskotsblandingar.
Derfor reknar ein at barn er tilstrekkeleg beskytta av grenseverdiane som blir sette.
Mattilsynets overvakingsprogram
Barnemat er inkludert i Mattilsynets overvakingsprogram med ca. 25 prøver årleg. Prøvene blir tatt ut hos produsentar og importørar.
Dersom det blir avdekt overskridingar, vil vedkommande produsent/importør bli følgt opp av Mattilsynet og fleire oppfølgingsprøver vil bli tatt ut.
Vanleg praksis er at bransjen sjølv umiddelbart trekker aktuelle produkt frå marknaden. Eventuelle overskridingar vil bli offentleggjorde på Mattilsynets nettsider.
Regelverk
Forskrift om næringsmidler til særskilte grupper
Artikkel 4
Krav til pesticider
◄M4
Kilde: Lovdata.no