Spørsmål og svar om bly i viltkjøtt

Matilsynet får ofte spørsmål om bly i viltkjøtt. Her er svar på noen av dem. 

Publisert

Spørsmål og svar

Kvifor er bly helseskadeleg?

Bly kan skade utviklinga av nervesystemet og gi høgt blodtrykk. Auka blodtrykk er ikkje ein alvorleg helseskade i seg sjølv, men det er knytt til auka risiko for dødelegheit frå hjarte-karsjukdom. Kronisk nyresjukdom kan òg oppstå som eit resultat av blyeksponering.

Kva er grunnen til at dei som planlegg å bli gravide, gravide, ammande og barn bør vere ekstra forsiktige?

Bly blir bygd inn i skjelettet i staden for kalsium. Dersom gravide og kvinner som ammar, ikkje får i seg nok kalsium, kan dette blyet bli frigjort frå skjelettet. Mor kan då få eit blynivå i blodet som skader barnet. Foster, spedbarn og barn er meir kjenslevare enn vaksne for verknadene av bly fordi hjernen deira er under utvikling. Bly kan òg redusere evna til å få barn.

Kva er skotkanalen, og kvifor skal eg ikkje ete kjøtt frå skotkanalen?

Når ein feller storvilt (som elg, rein, hjort og rådyr), vil prosjektilet lage skadar eller ein skotkanal i kjøttet ved treffstaden. I skotkanalen kan det vere store mengder bly viss dyret er felt med blyammunisjon, og derfor skal vi ikkje ete dette kjøtte. Mattilsynet tilrår at alt skadde vev og minst 10 ekstra centimeter i radius rundt skotkanalen blir fjerna for at kjøttet skal kunne betraktast som trygt. Småvilt skote med blyhagl bør reinskjerast for skadd vev, og alle restar av hagl må fjernast.

Kva med dei som har ete mykje viltkjøtt skote med blyammunisjon fram til no?

Tilrådinga er å følgje råda frå Mattilsynet og redusere eksponeringa for bly så mykje som mogleg.

Korleis veit ein om viltet er skote med bly?

Du kan spørje i butikken, eller snakke med jegeren du fekk kjøtt av. Det er dei som sel kjøtte, jeger, produksjonsverksemd, og så bortetter, som har ansvar for å følgje rutinane som skal sikre at kjøttet er trygt.

Kvifor blir bly brukt i jaktammunisjon?

Bly blir rekna for å vere godt eigna som hagl-materiale, og blyammunisjon er ofte føretrekt ammunisjonstype blant mange jegerar. Det finst likevel gode bly-frie alternativ til ammunisjon som kan brukast for å unngå forureining av bly i kjøttet. 

I kva for nokre andre matvarer finn vi bly?

Bly finst òg i vegetabilske produkt, mjølk og mjølkeprodukt. Fordi dette er matvarer vi nordmenn et mykje av, er dette hovudkjeldene til bly i mat i Noreg. I nokre forureina hamner og fjordar langs kysten kan det òg vere auka blyinnhald i skjel.