Kontroll av miljøgifter i fisk

Ulike kjemikaliar kan komme ut i naturen, spreie seg over store avstandar med luft- og vasstraumar, og vi kan finne dei igjen i mat som blir hausta og fanga langt frå forureiningskjeldene.

Publisert

Miljøgifter kan vere stoff som tungmetall, dioksin, PFAS (per- og polyfluoralkylstoffer) med meir.

Det er fastsett grenseverdiar for visse miljøgifter i mat i forskrift om visse forurensene stoffer i næringsmidler. I fisk er det for eksempel grenseverdiar for kvikksølv, kadmium, dioksin og 4 PFAS (PFOA, PFOS, PFNA og PFHxS). Det er ikkje lov å omsette fisk som inneheld nivå over desse grenseverdiane.

EØS-forpliktingar

Mattilsynet gjer mange analysar av miljøgifter i fisk i årlege kontrollplanar. I EU er myndigheitene pålagde å gjere analysar av forureinande stoff, for eksempel miljøgifter, i ei rekke næringsmiddel. Noreg er omfatta av dei same forpliktingane gjennom EØS-avtalen.

Mattilsynet har i mange år kontrollert innhald av miljøgifter i oppdrettsfisk da det var omfatta av kontrollen av veterinære legemiddelrestar (Direktiv 96/23/EF). I 2023 blei kontrollen av forureinande stoff og legemiddelrestar splitta, og kontroll av forureinande stoff blir nå regulerte i forordning (EU) 2022/931 og forordning (EU) 2022/932. Desse forordningane blir gjennomførte i forskrift om offentleg kontroll av forureinande stoff i næringsmiddel.

Forordningane set krav til kva vi skal analysere og korleis analysane skal utførast. Analysar av miljøgifter i oppdrettsfisk skal gjerast etter ein gitt prøvetakingsfrekvens, mens talet på prøver av villfisk blir bestemte av medlemslanda i samsvar med produksjon og identifiserte problem. Mattilsynet analyserer for eksempel fiskeartar som det blir fiska mykje av kommersielt, fiskeartar som kan akkumulere meir miljøgifter, og fiskeartar der det er behov for meir kunnskap om innhald av ulike miljøgifter.  

Kontrollplanane skal sendast til Europakommisjonen, som evaluerer planane. Resultata frå alle analysane må sendast til EUs mattryggleiksorgan (EFSA) året etter.

Resultat

Analyseresultata viser at innhaldet av miljøgifter i oppdrettsfisk er godt under grenseverdiane. Det er fôra som påverkar innhaldet i oppdrettsfisk, og innhaldet av miljøgifter i fôr er strengt regulert. 

Rapportserie: Medisinrester i oppdrettsfisk

Innhaldet av miljøgifter i villfisk er stort sett låge og under grenseverdiane, men innhaldet kan variere ut frå kor fisken blir fiska, fiskeart og alder og størrelse på fisken. Villfisk er ein del av kontrollplanane for første gong i 2024, og rapport vil publiserast i 2025.

Mattilsynet har likevel gjort ein del analysar for å kartlegge innhald:

Havforskingsinstituttet har laga ein database der du kan søke etter og samanlikne innhaldet av uønskte stoff og næringsstoff i fisk og annan sjømat.

Sjømatdata (hi.no)

Regelverk

Forskrift om visse forurensende stoffer i næringsmidler