Til hovedinnhold

Rettleiar om prosesshygienekriterium for analyse av Campylobacter spp. i skrottar av slaktekylling (broilerar)

Rettleiar om prosesshygienekriterium for analyse av Campylobacter spp. i skrottar av slaktekylling (broilerar).

Publisert

Prosesshygienekriterium for analyse av Campylobacter spp. i skrottar av broilerar finn de i næringsmiddelhygieneforskrifta, jf. forordning (EU) nr. 2073/2005 om mikrobiologiske kriterium, vedlegg I, kapittel 2 og 3. Vidare i teksten bruker vi ordet slaktekylling i staden for broiler.

Prosesshygienekriteriet gjeld berre for slaktekylling, men de som slaktar andre fjørfe må likevel ha kontroll på den mikrobiologiske faren Campylobacter spp.

Kven skal oppfylle prosesshygienekravet?

De (slakteria) som slaktar kylling, uansett slaktealder på slaktekyllingen. Det er gitt unntak frå kravet om prøvetaking for slaktekyllingar som er med i Handlingsplan mot Campylobacter spp. hos slaktekylling, sjå tekst lenger ned.

Korleis oppfyller de prosesshygienekravet?

De skal etablere rutinar for prøvetaking og analyse av Campylobacter spp. Hver veke de slaktar skal de ta minst 5 halsskinnprøvar frå heile og avkjølte skrottar. Dagen prøvane blir tekne ut på skal, når det er mogleg, variere frå veke til veke. I løpet av 10 veker skal de ha teke til saman minst 50 prøvar. Det er eit minimumskrav. Det betyr at de skal vurdere om 5 prøvar i veka er tilstrekkeleg eller om de må ta ytterlegare prøvar for å ha kontroll på den mikrobiologiske faren Campylobacter spp. I vurderinga skal de mellom anna leggje vekt på storleiken på produksjonen, alder på slaktekyllingen og historikken til produsenten, dvs. tidlegare opplysningar om Campylobacter i besetninga. I byrjinga kan det vere formålstenleg å ta fleire enn 5 prøvar for å skaffe seg nok informasjon om situasjonen i dei besetningane de får dyr frå. De skal grunngi val av talet på prøvar og denne grunngivinga skal kunne visast til Mattilsynet på førespurnad.

Dersom de finn Campylobacter spp. over grenseverdien på 1 000 kde/g, på over 15 av dei 50 prøvane, skal de setje i verk nødvendige tiltak. Tiltaka som er beskrivne i regelverket er å forbetre slaktehygienen, gå gjennom prosesskontrollane, opphavet til dyra og biotryggingstiltaka på opphavseiningane. Målet er å redusere førekomsten av Campylobacter. Dette er eit prosesshygienekrav og derfor er det ikkje krav om tilbaketrekking/tilbakekalling av skrottar/produkt. Det er heller ikkje krav om andre tiltak retta mot skrottar/produkt som til dømes varmebehandling og innfrysing, slik som i Handlingsplan mot Campylobacter spp. hos slaktekylling.

Før de startar prøvetaking skal de ha etablert nødvendige rutinar for når de skal setje inn tiltak og kva tiltak som kan vere aktuelle. Rutinane inkludert dei vurderingane som ligg bak, skal vere ein del av deira internkontrollsystem.

Hugs at de i tillegg skal etablere rutinar for å handtere analyseresultat og følgje opp trendar over tid. Dersom trenden er negativ, skal de setje i verk tiltak for å snu denne trenden.

Når kan de redusere kor ofte de tek prøvar?

Når de kan vise til tilfredsstillande resultat frå følgjande 52 slakteveker, kan de redusere prøvetakinga til kvar 14. dag. Det er tilfredsstillande resultat når minst 35 av kvar 50 prøve er under grenseverdien på 1 000 kde/g. Dette gjeld også for dykk som ikkje slaktar kvar veke. Til dømes: De slaktar annakvar veke. Det er berre vekene de slaktar som blir talde. Det vil då ta minst ta 104 veker for å oppnå 52 veker med tilfredsstillande resultat. Prøvetakinga kan då reduserast til kvar fjerde veke, dvs. annakvar slakteveke.

De som slaktar færre enn 150 000 slaktekyllingar per år kan redusere frekvensen ytterlegare dersom ein risikoanalyse viser at det er på sin plass. Mellom anna vil prøvar tekne over ei viss tid vere eit grunnlag for å vurdere om ein reduksjon er på sin plass. Reduksjonen kan ikkje gjennomførast før Mattilsynet har vurdert grunnlaget.

Kylling som blir slakta når dei er 50 dagar eller yngre

De treng ikkje å ta prøvar av kylling frå besetningar som inngår i Handlingsplan mot Campylobacter spp. hos slaktekylling, dvs. kylling som blir slakta når dei er 50 dagar eller yngre. Dette gjeld heile året.

Grunngiving for at prøvetaking går ut i sommarhalvåret, dvs. 1. mai til 31. oktober: Flokkane blir allereie tekne prøvar av i det nasjonale kontrollprogrammet Handlingsplan mot Campylobacter spp. hos slaktekylling og det blir sett i verk tiltak mot besetningar med positiv Campylobacter spp. prøve. Kylling frå positive besetningar går ikkje ferske ut på marknaden, men blir varmebehandla eller blir frosne i -18 gradar i 3 veker. Prøvane og tiltaka i Handlingsplanen oppnår målet om ein folkehelsegevinst sat i forordning (EU) 2017/1495 ved at færre menneske blir smitta av Campylobacter spp. ved å ete kyllingkjøtt. Mattilsynet vurdere derfor at prøvetakinga og tiltaka i Handlingsplanen er likestilt med krava til prøvetaking og tiltak i prosesshygienekriteriet.

Grunngiving for at prøvetaking går ut i vinterhalvåret, dvs. 1. november – 30. april: Prøvar som er tekne i vinterhalvåret 2001-2008 og av Norsk kylling i nov-des 2016 og jan-april 2017, viser at berre 1 % av flokkane i denne tidsperioden er positive. Ytterlegare reduksjon gjennom prøvetaking blir vurdert å vere vanskeleg og kan ikkje oppnåast utan å bruke uforholdsmessige store ressursar. På bakgrunn av dette og ut frå eit folkehelseperspektiv vurderer derfor Mattilsynet at ein førekomst på 1 % er eit akseptabelt nivå.

Kva gjer Mattilsynet?

Det er de som har ansvar for å produsere trygge næringsmiddel. Mattilsynet skal kontrollere at de etterlever prosesshygienekriteriet og skal mellom anna vurdere om de har tilstrekke

Regelverk