Til hovedinnhold

Campylobacter

Campylobacter er den vanlegaste bakterielle årsaka til diarésjukdom i Noreg. Slik er det også i dei fleste andre europeiske land. Omtrent halvparten av dei som blir smitta og blir sjuke av campylobacterinfeksjoner, kjem av smitte dei har fått i utlandet.

Publisert

I Noreg er Campylobacter vanleg i tarmen hos ei lang rekkje pattedyr og fuglar. Det gjeld både dyr som lever vilt og husdyr. Bakterien blir skild ut med avføring, og smittar via forureina mat eller vatn og ved kontakt med infiserte dyr eller menneske.

Handlingsplan mot Campylobacter

I 2001 starta Noreg ein omfattande handlingsplan mot Campylobacter hos slaktekylling. Det blei tatt prøver av kyllingane like før slakting, og ved funn av Campylobacter blei kjøttet/produkta frosne eller varmebehandla for å fjerne smitten før sal.

Handlingsplanen har gitt gode resultat. Førekomsten av Campylobacter i kyllingprodukt er redusert, og under 10 prosent av norske slaktekyllingbesetningar er no berarar av bakterien. Dette er lågt samanlikna med andre land i EU/EØS-området.

Sjå meir om overvaking av campylobacter hos fjørfe og handlingsplanar hos Veterinærinstitutttet (vetinst.no)

Rapportar

Forekomst av bakterien Campylobacter spp. i slaktekylling 2022

For slakteri

Veileder analyse av Campylobacter i skrotter av slaktekylling (broilere)

Meir om Campylobacter

Tarminfeksjon med Campylobacter (helsenorge.no) 

Campylobacter – om bakterien (vetinst.no)

Campylobacteriose – veileder for helsepersonell (fhi.no)