Krav når viltkjøtt skal seljast eller gis bort
Mattilsynet kontrollerer berre vilt på godkjende viltbehandlingsanlegg. Mattilsynet kontrollerer ikkje slakt på viltkontrollstader.
- Ny gebyrforskrift
Saka er oppdatert i samband med nytt regelverk som tredde i kraft 15. mai 2026.
Les meir om kva det inneber at Mattilsynets bruk av viltkontrollstader har stansa
Liste over godkjende viltbehandlingsanlegg
Hjortevilt
I omgrepet "hjortevilt" inngår dyreartane elg, hjort, rådyr, dåhjort og rein.
Hjorteviltkjøtt kan bli omsett på tre måtar:
Hovudregel: Lever til godkjent viltbehandlingsanlegg
Hjorteviltet blir levert til eit godkjent viltbehandlingsanlegg der Mattilsynet kontrollerer slaktet og påfører godkjent hjorteviltkjøtt eit ovalt stempelmerke. Hjorteviltkjøttet kan deretter bli omsett i heile EU/EØS-området. Denne kontrollen kan skje med eller utan innleiande undersøkingar gjort av kompetent jeger/feltkontrollør.
Desse organa må følgje med slaktet inn til viltbehandlingsanlegget:
- hjortevilt som er feltkontrollerte: Indre organ treng ikkje følgje med.
- hjortevilt som ikkje er feltkontrollerte: Indre organ må følgje med, det vil seie hjarte, lunge, lever, nyre, milt og hovud.
Feltkontrollørordninga
Hjorteviltet blir undersøkt av ein feltkontrollør etter felling. Dersom dyret verka normalt og friskt før fellinga, det ikkje blir observert noko unormalt ved undersøkinga og det ikkje er mistanke om miljøforureining, blir ei nummerert erklæring festa på slaktet.
Ein feltkontrollør kan berre utføre feltkontroll og feste ei erklæring på hjortevilt han/ho har skote sjølv, eller på hjortevilt skote av andre jegerar i eige jaktlag.
Feltkontrollert slakt har ei avgrensing i korleis det kan omsetjast, fordi det ikkje er kontrollert av Mattilsynet. Feltkontrollert slakt kan bli seld / gitt bort, oppdelt i maksimalt åtte delar, til privatpersonar eller detaljist i Noreg som deretter omset direkte til sluttforbrukar. Døme på ein detaljist er ein restaurant, butikk eller gardsutsal med/utan eigen produksjon.
Husk at detaljisten som jegeren sel kjøttet til, ikkje kan selje det vidare til ein annan detaljist, berre direkte til sluttforbrukar.
Døme på omsetningsvegar
Døme 1: Viss du som jeger ønskjer å selje direkte til ein restaurant, butikk eller gardsutsal med/utan eigen produksjon, kan du maksimalt dele opp slaktet i åtte delar. Alternativet er å levere slaktet til eit viltbehandlingsanlegg som skjer ned kjøttet i biffar, steiker, kjøttdeig og liknande, og at restauranten kjøper kjøttet derfrå.
Liste over godkjende produkt og verksemder
Døme 2.Viss du som jeger skjer ned slaktet i meir enn åtte delar, er du sjølv ein detaljist og må registrere deg hos Mattilsynet. Som detaljist kan du berre selje direkte til sluttforbrukar, det vil seie den som skal ete kjøttet sjølv. Du kan ikkje selje det til ein restaurant som serverer kjøttet til kundane sine.
Omsetning frå jeger til privatperson, sal eller gi bort
Hjortevilt kan omsetjast direkte frå jeger til privatpersonar utan offentleg kjøttkontroll eller undersøking av feltkontrollør. Skrotten kan berre seljast som heil/halv skrott eller i maks åtte deler. Det er ikkje lov å skjere ned skrotten i biffar, kjøttdeig, steiker eller liknande. Privatpersonen som jegeren sel / gir bort kjøttet til, kan ikkje selje kjøttet vidare.
Tabell med meir informasjon om kontrollkrav
Bjørne- og villsvinkjøtt
Bjørne- og villsvinkjøtt som blir omsett (blir seld eller gitt bort) må kontrollerast av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg. Årsaka er at bjørn og villsvin kan ha trikinar. Trikinar er parasittar som kan gi alvorleg sjukdom hos menneske.
Ved privat forbruk, det vil seie viss du et kjøttet sjølv, er det sterkt tilrådd at du kontrollerer kjøttet for trikinar. Kontakt eit laboratorium, Veterinærinstituttet eller Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00 for å få meir informasjon om trikinkontroll.
Dersom du tek ut prøvar til Mattilsynets overvakingsprogram for villsvin, kan du få godtgjersle for prøvetakinga og gratis trikinkontroll.
No kan jegerar få godtgjersle for å sende inn prøvar av villsvin felt i Noreg.
Meir informasjon om trikinar og trikinose finn du på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet.
Snevert unntak frå kravet om kjøttkontroll
Kjøtt frå villsvin som blir omsett "tilfeldig", treng ikkje å bli kontrollert av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg. "Tilfeldig" omsetning er eit snevert unntak frå regelen om at alt kjøtt som blir omsett (blir selt eller gitt bort) skal kontrollerast av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg.
"Tilfeldig" omsetning blir forstått slik: Ei omsetning som ikkje er planlagd, og som ikkje skjer regelmessig.
Døme: Ein jeger som ein sjeldan gong skyt fleire dyr enn det han/ho kan bruke i eige hushald, kan omsetje dette til venner og kjende utan at det er krav om kontroll. Dersom dette skjer regelmessig, dvs. det skjer kvar gong eller oftast når han/ho jaktar, fell det utanom omgrepet "tilfeldig" omsetning og krav om kjøttkontroll på viltbehandlingsanlegg må oppfyllast.
Det er svært viktig at vi ikkje utvidar kva som fell innanfor "tilfeldig" omsetning på grunn av faren for trikinar.
For å vareta kjøpar av villsvinkjøtt ved "tilfeldig" omsetning, bør seljaren trikinkontrollere kjøttet for sal. Viss ikkje kjøttet er trikinkontrollert, bør seljaren orientere kjøpar om det.
Småvilt
Småvilt er mellom anna hare og fugl. Småvilt kan omsetjast direkte til privatpersonar og til detaljistar som til dømes butikkar og restaurantar, utan kjøttkontroll frå jeger. Dersom småvilt skal omsetjast utover dette, må det bli kontrollert av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg.
Trafikkskadd vilt
Det er forskjell på vilt som blir skadd og vilt som blir drepe i trafikken.
Trafikkskadd vilt som skal brukast til mat, må kontrollerast av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg. Dette gjeld uavhengig av om kjøtt blir selt eller gitt bort.
Trafikkdrepe vilt kan ikkje brukast til mat.
Kvar enkelt kommune har ansvar for å finne ei løysing for handtering av trafikkskadd/trafikkdrepe vilt. Kontakt Mattilsynet ved spørsmål, tlf.: 22 40 00 00.
Gebyr
Mattilsynet tek gebyr for kjøttkontroll ved viltbehandlingsanlegg. Gebyret er ein fast sats per dyr, sjå forskrift om gebyr til Mattilsynet kap. IV.