Mattilsynets bruk av viltkontrollstader har halde opp
Offentleg kjøttkontroll kan berre skje på godkjende viltbehandlingsanlegg. Les kva det inneber for kontroll av trafikkskadd vilt, og sjå kvar du finn krava til å få godkjent ein viltkontrollstad som viltbehandlingsanlegg.
Den nye praksisen kjem av endringar i animaliehygieneforskrifta som tredde i kraft 1. juli 2022.
Trafikkskadd vilt må kontrollerast på viltkontrollstad
Kvar enkelt kommune har ansvar for å finne ei løysing for handtering av trafikkskadd vilt.
I dag kontrollar Mattilsynet vilt på viltbehandlingsanlegg til eit gebyr på 170 kr per dyr inkludert reise- og overtida som har gått med. Gebyrforskrifta, som fastset gebyret, er under endring. Det er ikkje fastsett når forskrifta skal endrast og kva det nye gebyret for kjøttkontroll av viltlevande vilt blir.
Mogleg å oppgradere viltkontrollstader til viltbehandlingsanlegg
Enkelte viltkontrollstader som er godt utstyrte, kan bli godkjent som viltbehandlingsanlegg utan større oppgraderingar. Vi oppmodar eigarar av desse viltkontrollstadene til å søkje godkjenning som viltbehandlingsanlegg, tilpassa omfanga deira. Det vil gi kommunane høve til å leige lokala for kontroll av til dømes trafikkskadd vilt. Godkjenningsprosessen blir handtert av det lokale Mattilsynet.
Kva skal til for at din viltkontrollstad skal bli godkjend som viltbehandlingsanlegg?
Ditt lokale Mattilsyn har kunnskap om forholda i verksemda di og dei kan rettleie deg i kva som skal til for at verksemda di skal kunne bli godkjend som viltbehandlingsanlegg.
Regelverket (forordning (EF) nr. 853/2004, artikkel 4) seier at verksemder som skal produsere animalske produkt skal oppfylle dei relevante krava i næringsmiddelhygieneforskrifta (forordning (EF) nr. 852/2004), krava i vedlegg II og III i animaliehygieneforskrifta (forordning (EF) nr. 853/2004) og andre relevante krav i næringsmiddelregelverket.
Svenske Livsmedelsverket har ein rettleiar som utdjupar desse krava litt meir, og som eventuelt kan vere til hjelp:
Minneslista vid godkännande: vilthanteringsanläggning (livsmedelsverket.se).