Unntak frå krav til godkjenning for produksjon av animalsk mat

Fagleg oppdatert

Du treng ikkje godkjenning dersom du berre leverer direkte til sluttforbrukar

Det må vere ein kontakt mellom produksjonsverksemd og sluttforbrukar ved bestilling eller levering av produktet. Det skal vere lagt til rette for sal til privatpersonar. Bestilling eller levering kan til dømes skje ved eige utsal eller sal over disk, utlevering på REKO-ring, sal på bondens marknad eller sal over internett. Du kan óg bruke ei leveringsteneste, til dømes sykkelteneste eller drosje, til å levere produkt direkte til sluttforbrukar i nærområdet ditt.

Meir om nettsal

Du treng ikkje godkjenning dersom du leverer til sluttforbrukar og leverer til andre detaljistar som berre leverer til sluttforbrukar, og oppfyller alle desse tre vilkåra: 

  1. Lokal aktivitet: Du leverer til andre detaljistar i same fylke eller innanfor ein maksimal avstand på 100 km. Dersom du kan vise at naturleg område for sal går ut over desse grensene, kan du levere i eit større område.

    Ved sal direkte til sluttforbrukar i Noreg er det ikkje krav til avstand. Du kan til dømes sjølv ta med animalske produkt og selje dei på ein marknad på ein annan kant av landet. 
  2. Marginal aktivitet: Du leverer maksimalt 600 kg produkt per veke (gjennomsnitt over 6 månader = totalt 15 600 kg) til andre detaljistar. Mengde direkte til sluttforbrukar kjem i tillegg.

    Ved svært små produksjonsmengder på stader kor det er lite mogeleg å selje direkte til sluttforbrukarar, kan Mattilsynet vurdere det som tilstrekkeleg at det er lagt til rette for sal. Døme på dette er seterdrift der det sjeldan kjem folk innom, men at ei turisthytte kjøper produkta. 
  3. Avgrensa aktivitet: Du leverer til andre detaljistar, som igjen leverer direkte til sluttforbrukarar. Som detaljist kan du ikkje selje animalske varer via grossist eller andelslag. 

Andre unntak frå kravet om godkjenning

Du treng heller ikkje godkjenning dersom du

  • bruker foredla (til dømes varmebehandling, røyking, salting, modning og/eller tørking) animalske råvarer i produksjonen, men verksemda skal vere registrert
  • bruker rå egg i bakeriprodukt
  • produserer honning 

Det er særskilde reglar for vilt, kaninar og fjørfe:

Registrering, sertifisering og godkjenning av fjørfehold og rugerier

Lokalmat - kjøtt og kjøttprodukt

Regelverk

Animaliehygieneforskriften

Animaliehygieneforskriften