Ikkje krav om å fryse oppdretta laks og regnbogeaure
Det er trygt å ete rå oppdretta atlantisk laks og regnbogeaure utan at fisken har vore frosen. Difor er desse artane fritekne frå krav om frysing.
- Frysefritaket er ikkje lenger tidsavgrensa
Frysefritaket var tidlegare tidsavgrensa og gitt i animaliehygieneforskrifta kap IX. Moglegheita for frysefritak for oppdretta fisk ligg allereie i animaliehygieneforordninga, og vilkåra som blei stilte, er ivaretekne i hygieneforordningane og Matlova. Kapittel IX i animaliehygieneforskriften blei derfor oppheva. Føresetnadene for fritak er dei same som før.
Det er eit generelt krav at fiskevarer som skal etast rå eller nesten rå må ha vore frosen, dersom parasittar i produktet kan utgjere ein helsefare. Frysebehandlingen drep eventuelle parasitter.
Oppdretta laks og aure er fritekne frå kravet om frysing. Studiar frå Havforskningsinstituttet viser at det er svært lite sannsynleg at oppdretta atlantisk laks og regnbogeaure inneheld Anisakis. Desse funna støttar konklusjonane i Scientific Opinion on risk assessment of parasites in fishery products frå European Food Safety Authority (EFSA) i 2010, og i EFSAs re-evaluering frå 2024. Vurderingane er baserte på data frå fleire land som produserer oppdretta laks, inkludert Noreg.
Årsaka til at oppdretta laks og aure ikkje har Anisakis, er mellom anna at fisken heile livet vert fôra med varmebehandla tørrfôr som ikkje inneheld levande parasittar, og i svært liten grad beiter på ville organismar i merdene. Risikoen for parasittar er ubetydeleg så lenge produksjonstilhøva ikkje endrar seg.
Føresetnadar for fritak frå krav om frysing
Fritaket føreset at
- fisken er oppdretta på tørt fôr gjennom heile livssyklusen
- driftsansvarleg kontinuerleg vurderer produksjonstilhøva ved anlegget og har rutinar som sikrar at parasittar ikkje er ein fare for mattryggleiken. Tilhøve som er kjende frå vitskapelege rapportar, som årstid, ulike område i landet, hav kontra fjord, bruk av rensefisk, førekomst av sjøpattedyr med vidare bør vurderast. Eigne prøvar kan også vere ein del av slike rutinar.
- driftsansvarleg melder frå til Mattilsynet om endringar i produksjonstilhøva som har betydning for kontrollen med fråvær av parasittar
Driftsansvarleg må sikre at disse føresetnadene vert oppfylt.
Meldeplikt ved funn av parasittar
Alle funn av parasittar i oppdrettsfisk som skal etast rå eller nesten rå skal straks meldast til Mattilsynet.
Dette gjeld både funn av døde og levande parasittar, og uavhengig av art, sidan begge delar kan gi informasjon om eventuell førekomst av parasittar i oppdretta fisk.
Det er driftsansvarleg for akvakulturanlegget og verksemder som seinare handterer fiskerivarer som har plikt til å melde.
Andre artar og produksjonstilhøve
Fisk som er oppdrettet gjennom heile livssyklusen og berre fôra med fôr som ikkje inneheld levedyktige parasittar, kan få fritak frå krav om frysebehandling.
Fisk som oppdretta i lukka anlegg fri for levedyktige parasittar og med filtrert vatn for å forhindra smitte, er generelt friteken frå frysekravet.
For opne produksjonsanlegg, er det berre oppdretta laks og regnbogeaure som har eit generelt unntak frå krav om frysebehandling. I tillegg er det gitt unntak for oppdretta kveite der dette er vurdert.
Opplysningar som skal følgje varene
Ved omsetning må driftsansvarleg sikre at fiskerivarene kjem frå oppdrettsanlegg som oppfyller dei særlege føresetnadene for frysefritaket.
Opplysningane må følgje kvar batch/sending med fiskerivarer i handelsdokument eller annan informasjon som følgjer vara, anten elektronisk eller fysisk. Opplysningane som følgjer vara må vere datert, og den driftsansvarlege må ha rutinar for å oppdatere opplysningane jamleg.
Rapportar og rettleiarar
Her finn du rapportar og rettleiarar som er relevante for krav som gjeld parasittar for fiskerivarer som skal etast rå eller nesten rå.
EFSA-rapporter
- Scientific Opinion on risk assessment of parasites in fishery products (efsa.onlinelibrary.wiley.com)
- Re‐evaluation of certain aspects of the EFSA Scientific Opinion of April 2010 on risk assessment of parasites in fishery products, based on new scientific data. Part 1: ToRs1–3 (efsa.onlinelibrary.wiley.com)
Rettleiarar
- EU kommisjonens veiledning til animaliehygieneforordningen (PDF) (se kapittel 5.15- 5.20)