Nasjonal tilsynskampanje kosttilskot 2025
Mattilsynet gjennomfører i 2025 ein tilsynskampanje for å kontrollere at det ikkje blir produsert, marknadsført eller importert kosttilskot som inneheld ulovlege stoff.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Kosttilskot skal vere helsemessig trygge og ikkje innehalde ulovlege ingrediensar/stoffar.
Frå tilsyn og bekymringsmeldingar ser vi at det blir omsett kosttilskot med ikkje godkjent ny mat og «andre stoffar» som er ulovlege, over tillatne grenseverdi eller ikkje i samsvar med vilkår for bruk.
- Med «ny mat» meiner ein næringsmiddel som ikkje har blitt brukt i Noreg eller andre land i EU/EØS før 15. mai 1997. Ny mat må vere godkjent av EU-kommisjonen og oppført i Unionslista over ny mat før han kan omsettast.
- Med «andre stoff» meiner ein stoff som har ein ernæringsmessig eller fysiologisk effekt, unnateke vitamin og mineral. Det er berre «andre stoff» som er oppførte i vedlegg 3 i forskrift om tilsetning av vitamin, mineral og andre stoffar til næringsmiddel som kan tilsettast næringsmiddel under dette kosttilskot.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi vil føre tilsyn med verksemder som omset kosttilskot med ingrediensar som visse andre stoff eller ny mat.
På tilsyna vil vi spesielt kontrollere rutinar og om produkt er i samsvar med regelverket.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?
Verksemder skal kjenne reglane som gjeld for tilsetning av visse andre stoffar og ny mat. Alle kan rekne med å bli kontrollert.
Relevant innehald