Hovudprioriteringane for matområdet i 2025
Dette er hovudmåla for det risikobaserte tilsynet på matområdet i 2025.
I tillegg til desse vil Mattilsynet, som vanleg, vareta løpande oppgåver, blant anna hendingar, prøvetaking, søknadsbehandling og oppfølging av bekymringsmeldingar.
Mattilsynet skal til kvar tid prioritere ressursane sine der sjansane for regelbrot og konsekvensar av desse er størst. Med dette som utgangspunkt vel Mattilsynet kvart år ut nokre område som blir prioriterte, både rettleiingsarbeid og utøvande tilsyn.
Importørar av matvarer skal kjenne regelverket og farane ved produkta dei importerer
I 2025 vil Mattilsynet legge større vekt på å støtte verksemder i å forstå risikoen ved matvareimport.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Import av matvarer har endra seg over tid. Det blir også importert matvarer frå land som har andre krav til produksjonen enn det vi har i Noreg. Det kan også vere at vi bruker produkta på ein annan måte i Noreg, enn det dei var tiltenkte. Det er derfor viktig at importørane av matvarer forstår regelverket for import av matvarer og at dei er merksame på farane og utfordringane med dei ulike produkta.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Mattilsynet vil gjere det enklare for verksemdene å vareta sitt ansvar for import av trygge matvarer. Eitt av Mattilsynets tiltak er derfor å gå gjennom og oppdatere informasjonen og rettleiinga vår om farane ved import.
Vi skal også ha kontrollar med importørar og visse grupper av produkt.
Mattilsynet lagar rettleiing slik at det er lettare for verksemdene å forstå krava
Enkel og lett tilgjengeleg rettleiing vil hjelpe importørane med å forstå krava i regelverket. Eit av tiltaka er derfor å gå gjennom og oppdatere nettsidene våre om korleis ein kan vurdere farane med import.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?
- Vi oppdaterer nettsidene med informasjon om korleis ein kan vurdere farar med import
- Vi har etablert samarbeid med Tolletaten slik at vi kan samarbeide på ulike område.
- Mattilsynet vil kontrollere den særskilde salmonellagarantien ved innførsel av kjøtt og egg.
- Vi skal gjennomføre 100 dokumentkontrollar.
- Vi skal gjennomføre kontroll av fysiske vareparti for å skaffe oversikt over salmonella i innførte egg og kjøtt.
- Vi skal ha tilsynskampanje hos 100 importørar av vegetabilske produkt.
Tilsyn med slaktehygiene
Hovudmåla for Mattilsynets tilsyn med slaktehygiene er å kontrollere om slakteria gjennomfører tiltak for å sikre god slaktehygiene og unngå at slakteskrottar blir forureina med fekalier.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2024 og 2025?
Vi hadde to store utbrot med sjukdomsframkallande E. coli (EHEC) i 2023, eitt av desse med alvorleg sjuke barn. Folk blei sjuke av norsk storfekjøtt. EHEC frå huda og avføringa til dyra forureinar kjøttet.
Vi ser at andelen skitne slaktedyr har auka. For å unngå sjukdomsutbrot frå EHEC-bakteriar i norsk kjøtt, listeria-bakteriar i eteklare produkt eller salmonella-bakteriar i mat, skal Mattilsynet gjennom offentleg kontroll i heile kjeda sjekke at bransjeretningslinjer er formålstenlege og at regelverket blir følgt.
Mattilsynet vil også sjekke at vilkåra for innførsel (import og samhandel innan EØS) blir følgde. Vi vil spesielt ha fokus på slaktehygiene og skitne slaktedyr
Slakteria vektlegg slaktehygiene i alle ledd
Skitne dyr og dårleg slaktehygiene gir risiko for matboren sjukdom. Slakteria har ansvar for å ha rutinar for å unngå at skitne slaktedyr kjem inn til slakteriet. Dersom det likevel kjem skitne dyr, skal den driftsansvarlege varsle Mattilsynet og treffe formålstenlege tiltak.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi vil gjennomføre revisjon med fysisk synfaring på alle heilårs slakteri, fjørfe, tamme hov- og klauvdyr. På desse revisjonane skal vi ha fokus på slaktehygiene, for raudt kjøtt-slakteria bygger vi vidare på revisjonen skitne slaktedyr frå 2024. I år legg vi vekt på fysisk inspeksjon av slakteprosessen for å kontrollere om slakteriet følger eigne rutinar. Revisjonane blir gjennomførte lokalt på kvart anlegg.
I tillegg til revisjonane vil vi inspisere slakteskrottar av (svin, storfe og småfe) og verifisere sluttkontrollen til slakteriet. Inspeksjonane skal gjennomførast over ein periode på 6 veker i februar og mars i heilårsslakteri.
Kva kan du/verksemda di forvente?
Du kan forvente revisjonar med tema god slaktehygiene der vi vil sjå på rutinar og tiltak som er implementerte for å sikre trygg mat. Mattilsynet vil varsle og avtale tid på vanleg måte, når vi skal gjennomføre revisjon i verksemda di. I tillegg kan du forvente at vi inspiserer skrottar for å verifisere sluttkontrollen til slakteriet for å unngå fekal forureining.