Sal av egg frå butikk
Egg skal vere produsert, lagra, merka og seld i samsvar med regelverket i alle ledd, frå eggene er lagd og fram til dei blir seld til forbrukaren.
Sal av ikkje ferdigpakka egg i butikk
Egg kan seljast direkte frå eggprodusenten til forbrukar via butikkar i nærområdet til eggprodusenten.
Dette må du hugse på dersom du sel egg frå butikken din:
- Du kan berre selje egg frå ein bonde som er registrert hos Mattilsynet som eggprodusent.
- Egga frå eggprodusenten må seljast i lausvekt (på brett utan innpakking eller t.d. i frå korg).
- Egga må oppbevarast ved høgst 12°C. Egg som blir seld til forbrukar innan 3 dagar etter leggedato (særleg ferske egg), er halde unna dette temperaturkravet.
- Egga skal vere selde til forbrukaren seinast 21 dagar etter legging.
- Du må gi forbrukaren informasjon via plakat eller liknande, om kven som er eggprodusenten og haldbardato på eggene.
Ferdigpakka egg
- Du kan også selje egg som kjem ferdig pakka i kartong frå eggprodusenten/eggpakkeriet.
- Eggprodusenten må vere registrert eller godkjent som eit eggpakkeri hos Mattilsynet.
- Ferdigpakka egg skal i utsalsstaden oppbevarast ved høgst 12°C.
Krav til eggprodusent og eggpakkeri
Krava til eggprodusenten og eggpakkeriet finn du her: Produksjon av egg og eggprodukt | Mattilsynet.
Det er eggpakkeriet sitt ansvar at ferdigpakka egg i eggekartongen er merkte i samsvar med matinformasjonsforskrifta.