Digitale plantesunnheitssertifikat
Mattilsynet har kopla seg opp mot den internasjonale ePhyto HUB-en. Dette er eit globalt verktøy for utveksling av digitale plantesunnheitssertifikat.
Vis endringar
- Skjematenesta for import av plantar blir avvikla
Frå mandag 27. april 2026 vil det ikkje lenger vere mogleg å melde import av plantar i skjematenesta. Da skal alle importmeldingar gå via DigiPlant, med unntak av privat import.
Dette kjem som eit ledd i digitaliseringa og som ein konsekvens av endringar som skjer i Altinn. Mattilsynet har i lengre tid varsla at skjematenesta vil forsvinne og har etter beste evne rettleidd importørar over i DigiPlant.
- No kan alle digitale plantesunnheitssertifikat meldast direkte i DigiPlant
Skjematenesta blir fasa ut og skal framover berre bli nytta i tilfelle der ein ikkje mottar eit digitalt sunnheitssertifikat. DigiPlant er nå hovudplattformen for å melde planteimport. Rettleiing til korleis DigiPlant fungerer, finn du same stad som du loggar inn.
I Noreg er DigiPlant inngangsporten som gir importørar og Mattilsynet tilgang til digitale plantesunnheitssertifikat. DigiPlant blir utvikla trinnvis og er nå tilgjengeleg for alle importørar av sertifikatpliktige varer knytte til planteområdet.
Innlogging i DigiPlant
Alle importørar av plantar kan logge inn i DigiPlant (import.digiplant.mattilsynet.io). Autentiseringa skjer via Altinn.
Papirlaus sending av eksportsertifikat
Frå og med oktober 2024 starta utfasinga av enkelte papirsertifikat.
Importøren står framleis ansvarleg for å kontrollere eigne sertifikat. Den einaste forskjellen er at
- digitale sertifikat må kontrollerast i DigiPlant
- sertifikat som er mottatte og kontrollerte i DigiPlant, ikkje treng å bli arkiverte hos importør i tre år, slik regelen er for papir
- alle meldepliktige sendingar skal meldast via DigiPlant
Av ulike årsaker vil nokre sertifikat framleis bli sende i papirformat, sjølv om hovudregelen framover vil vere digitale sertifikat.
Nyttig info om DigiPlant
Du finn meir informasjon om Digiplant og korleis digitale sertifikat fungerer under DigiPlant-hjelp i DigiPlant (import.digiplant.mattilsynet.io).
Viss du loggar inn i DigiPlant og registrerer e-postadressa di, vil du få e-post når det blir sendt ut informasjon om nyheiter i DigiPlant.
Melding om planteimport
Skjematenesta for import av plantar vil bli lagt ned. Framover skal alle meldingar om planteimport skje via DigiPlant.
Spørsmål
Ved spørsmål om DigiPlant, digitale sertifikat eller papirlaus sending send e-post til Digiplant@mattilsynet.no.