Importkontroll av radioaktivitet i mat og fôr
I samband med atomulykka ved Tsjornobyl i 1986 er det etablert eit særskilt kontrollregime retta mot importen av mat og fôr.
Tsjernobylforskrifta stiller krav til importkontroll av varer for radioaktivt cesium
Forskrifta listar opp land som har krav om ekstra kontroll for forureining etter Tsjornobylulykka. Det gjeld nokre produkt av sopp og bær, blant anna blåbær, som skal undersøkast spesielt for cesium -137.
Sendingane med opphav i eitt av landa nemnt i vedlegg I skal kontrollerast. Landa er Albania, Kviterussland, Bosnia-Herzegovina, Kosovo, Nord-Makedonia, Moldova, Montenegro, Russland, Serbia, Sveits, Tyrkia, Ukraina og Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, unntatt Nord-Irland.
Det er risikobasert kontroll av andre varer, og grenseverdiane er 370 Bq/kg for mjølk, mjølkeprodukt og barnemat, og 600 Bq/kg for alle andre produkt. Noreg er fjerna frå lista over land som er pålagd kontroll, og det er ikkje lenger særskilde krav til cesium-137 i norske varer til EU.
Den spesielle kontrollen av bær og sopp skal skje på følgande måte
Alle sendingar av bær og sopp lista opp i vedlegg II skal meldast på førehand, jf. forordning (EU) 2019/1013.
Sendingane skal følgast av eit innførselsdokument (CHED – Common Health Entry Document), og grensekontrollen skal skje ved Oslo lufthamn Gardermoen, Oslo hamn, Borg hamn eller Larvik hamn som kontrollerer ikkje-animalske produkt. Alle sendingane skal gjennom ein dokumentkontroll ved import til EU/EØS, og dei skal følgast av eit sertifikat (vedlegg III) og eit analyseresultat. 20 prosent av varene skal gjennom ein identitets- og fysisk kontroll. Sertifikatet som skal følge sendingane, finst i forordning 2019/628.
Importøren dekker kostnadene av kontrollen.
Unntak for små sendingar
Det er gitt eit unntak for små sendingar under 10 kilo for ferskvare og 2 kilo for tørrvarer.
Dette gjeld vareprøver, laboratorieprøver, utstillingsvarer eller forskingsmateriale som ikkje er meint for omsetning, eller sendingar berekna på privat bruk.