Mattilsynets hovudprioriteringar innan fôr 2025
Dette er hovudmåla for det risikobaserte tilsynet med fôrverksemder i 2025.
I tillegg til desse vil Mattilsynet, som vanleg, vareta løpande oppgåver, blant anna hendingar, prøvetaking, søknadsbehandling og oppfølging av bekymringsmeldingar.
Mattilsynet skal til kvar tid prioritere ressursane sine der sjansane for regelbrot og konsekvensar av desse er størst. Med dette som utgangspunkt vel Mattilsynet kvart år ut nokre område som blir prioriterte, både rettleiingsarbeid og utøvande tilsyn.
Tilsyn med fôrverksemder
Tidlegare tilsynsresultat viser at nokre produsentar av fôrblanding og transportørar av fôr har utfordringar med fôrhygienen.
Mattilsynet vil derfor gjennomføre tilsyn hos eit utval av produsentar av fôrblanding og transportørar av fôr. Fokuset vil vere kontroll med grunnføresetnader som reinhald, skadedyrkontroll og kryssforureining for å sikre god fôrhygiene. Det vil også bli gjennomført revisjon hos alle konsern/ kjeder som produserer fôrblandingar (både fiskefôr og landdyrfôr), med verifikasjonstilsyn ved utvalde fabrikkar.
Kva betyr det for deg, og kva kan verksemda di forvente?
Du må vere førebudd på at Mattilsynet kjem på tilsyn og vi anbefaler alle å gå gjennom rutinane sine for fôrhygiene.