Bruk av ethoxyquin som tilsetningsstoff i fôr er fasa ut

Ethoxyquin (EQ) er eit tilsetningsstoff som var godkjent til bruk i fôr, men kor bruken blei fasa ut i juli 2020.

Publisert

Stoffet har vore mykje brukt i marine råvarer som lett oksiderer (harsknar), og spesielt for å hindre sjølvtenning av fiskemjøl under sjøtransport.

Bakgrunn

I EU blir alle godkjente tilsetningsstoff gjennomgåtte til bruk i fôr på nytt med jamne mellomrom. For å bli godkjent, må det dokumenterast at stoffet har den ønskte eller påstått effekten, samtidig som det må dokumenterast at stoffet ikkje har negativ effekt på folkehelse, dyrehelse eller miljø. EFSA, den europeiske vitskapskomiteen for mattryggleik, vurderer dokumentasjonen før EU-kommisjonen vedtar om det kan givast ny godkjenning. Noreg følger EU sitt regelverk på dette området.

I 2015 publiserte EFSA ei vurdering av EQ: 

Safety and efficacy of ethoxyquin (6-ethoxy-1,2-dihydro-2,2,4-trimethylquinoline) for all animal species. EFSA Journal 2015;13(11):4272 (efsa.europa.eu)

Det var vanskeleg for EFSA å konkludere på grunn av manglande kunnskap om stoffet, men EFSA peika på moglege negative effektar knytt til eit av nedbrytningsprodukta og eit stoff som blir danna som ei forureining under produksjonen. For å vere på den sikre sida blei godkjenninga sett på vent av EU-kommisjonen i 2017 (forordning (EU) nr. 2017/962, forlengt i forordning (EU) 2021/412).

Avslag på godkjenning

Industrien fekk høve til å finne gode alternative antioksidantar for marine råvarer ved at det blei gitt ein overgangsperiode for å fase ut bruken av EQ, og 30. juni 2020 var det ikkje lenger tillat å nytte EQ som tilsetningsstoff i alle typar fôr.

Det blei sett i gang eit arbeid med å skaffe den kunnskapen som manglar for at EFSA skal kunne gjere ei fullstendig vurdering. EFSA kom med ny vurdering i mars 2022: 

Safety and efficacy of a feed additive consisting of ethoxyquin (6‐ethoxy‐1,2‐dihydro‐2,2,4‐trimethylquinoline) for all animal species (FEFANA asbl). EFSA Journal 2022;20(3):7166 (efsa.europa.eu)

EFSA kunne ikkje utelukke at bruk av EQ utset dyr med lang forventa levetid for risiko. På grunn av mangel på data om nærvær av nedbrytningsproduktet p-fenetidin i vev og i animalske matprodukt, kunne EFSA heller ikkje trekke ein konklusjon om maten er trygg for forbrukarane. Dei kunne ikkje konkludere om bruk av EQ er trygt for terrestriske og akvatiske økosystem, når stoffet blir brukt i fôr til landdyr. Det kan ikkje utelukkast at EQ utgjer ein risiko for den akvatiske næringskjeda, eller for marine sediment levande organismar som blir eksponerte for fôrtilsetningsstoffet, når det blir brukt i havmerdar.

Med bakgrunn i denne vurderinga blei søknaden om godkjenning som fôrtilsetningsstoff endeleg avslått i august 2022 (forordning (EU) 2022/1375). Skulle søkaren i framtida skaffe nye data, kan dei søke om godkjenning på nytt.