Det er forbode å brekke av klørne på levande krabbar

Det er brot på dyrevelferdsloven å brekke klørne av krabbar, for deretter å kaste dei levande på sjøen igjen.

Publisert

Det kan føre til at krabben blør i hel eller døyr av svolt fordi han ikkje kan få tak i mat.

Krabbar sjølv kan sleppe klørne langs ein forutbestemd brotstad, ved stress, angrep og så bortetter. Skaden vil då heilast, og kloa vil med tida vekse ut igjen.

Men om klørne blir rivne av, skjer brotet oftast ikkje langs den forutbestemde brotstaden. Krabben får blødingar, han blir svekt og sjansane for at han døyr er stor.

Krabbar skal derfor alltid avlivast før klørne blir brekte av.