Identifikasjon og registrering av storfe, sau og geit
For å sikre trygg mat og effektiv kamp mot dyresjukdommar er det viktig at storfe, sau og geit er riktig registrert og merka, og at regelverkskrav om journalføring og rapportering er oppfylt.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
For å sikre trygg mat og effektiv kamp mot dyresjukdommar er det viktig at storfe, sau og geit er riktig registrert og merka, og at regelverkskrav om journalføring og rapportering er oppfylt.
Mattilsynet er forplikta til å gjennomføre tilsyn med identifikasjon og registrering (sporbarheit) i eit utval anlegg med storfe, sau og geit kvart år. Dette følger av EØS-avtalen.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi skal gjennomføre tilsyn med identifikasjon og registrering i tre prosent av anlegga med storfe, sau og geit. I anlegg med sau og geit, vil tilsynet også kunne inkludere tilsyn med skrapesjuke.
Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?
Alle som har storfe, sau eller geit må vere førebudd på at vi kan komme på tilsyn. Hugs at regelverket skal oppfyllast enten du får tilsyn eller ei.
Når vi kjem på tilsyn, går vi gjennom relevante dokument for å kontrollere journalføring og rapportering. I tillegg tar vi ein runde i fjøset for å sjå om dyra dine er korrekt merka.
Tilsynsmaler
Tilsynsmalene vi vil bruke:
- Tilsyn med identifikasjon, registrering og rene dyr
- Tilsyn med identifikasjon og registrering av sau
- Tilsyn med identifikasjon og registrering av geit
Du kan lese meir om identifikasjon og registrering på temasidane for sau og geit, og storfe.