Flytteforbod for bier i visse område
Det er forbode å flytte bifolk, parebifolk, skaksvermar og bidronningar ut av områda som høyrer til pærebrannsona og nedkjempingssona i perioden frå 1. mai til 10. oktober. Flytteforbodet gjeld også frå pærebrannsona til tiltakssona.
Å flytte bier frå eit område med plantesjukdommen pærebrann representerer ein risiko for å spreie sjukdommen til nye område. Derfor er det flytteforbod enkelte stader.
Oversikt over kommunar i pærebrann- og nedkjempingssoner
Kva kommunar som tilhøyrer pærebrannsona og nedkjempingssona finn vi i forskrift om pærebrann § 3 a. og b.
Flytteforbod frå 1. mai til 10. oktober
I perioden frå 1. mai til 10. oktober er det forbode å flytte bifolk, parebifolk, svermar og bidronningar ut av områda som tilhøyrer pærebrannsona og nedkjempingssona. Det er også forbode å flytte frå pærebrannsona til tiltakssona.
Dette betyr at
- du kan flytte bier
- frå ein kommune i pærebrannsona til ein annan kommune i pærebrannsona
- frå ein kommune i tiltakssona til ein annan kommune i pærebrannsona
- du ikkje kan flytte bier frå ein kommune i pærebrannsona til ein kommune i tiltakssona
I same periode er det også forbode å flytte bier til område som ligg nærmare enn 2 km frå grensa rundt verksemder som omset vertsplantar for pærebrann, og som ligg i pærebrannsona og nedkjempingssona. Sjå oversikt over desse verksemdene (PDF)
Unntak frå forbodet mot flytting
Forbodet gjeld ikkje for bifolk, parebifolk, skaksvermar og bidronningar med følgebier etter at dei har stått innesperra i 48 timar.
Mattilsynet gjer merksam på at det å sperre inne bier i 48 timar kan føre til at dei blir overoppheita og eventuelt døyr. Vi tilrår derfor birøktarar som skal stenge kubane, å sørge for god nok ventilasjon og/eller kjøling.
Mattilsynet kan gi løyve til flytting i tilfelle der det ikkje representerer fare for spreiing av pærebrann.
Søknadsskjema nynorsk
Mattilsynet kan gi løyve til flytting av bier mellom pærebrannsoner når det ikkje representerer fare for spreiing.
Søknadsskjema bokmål
Mattilsynet kan gi tillatelse til flytting av bier mellom pærebrannsoner når det ikke representerer fare for spredning.