Tilrådingar om smittevern for hestar
Enkle rutinar kan hindre at hesten din blir sjuk, og dei kan hjelpe deg til å unngå at hesten smittar andre dyr og menneske.
Det er ingen spesifikke føresegner om smittevern og tiltak for å førebygge sjukdom i hestehald. Generelle føresegner som gjeld alle typar dyrehald, blir gitt i dyrehelseforskrifta.
Høg reiseaktivitet for mange hestar og mykje trafikk av menneske, utstyr og dyr inn og ut av stallen aukar risikoen for smittespreiing. Vi tilrår dei følgande smittevernrutinane:
- Lag enkle hygienerutinar i stallen. Vask hender i lunka vatn med såpe før og etter stell av hesten, spesielt mellom handtering av ulike hestar. Handsprit kan brukast som eit alternativ, men det fungerer dårleg på tilgrisa hender.
- Byt til reint skotøy og reine klede dersom du går mellom ulike stallar.
- Unngå unødvendig persontrafikk inn og ut av stallen. Informer besøkande om hygienerutinar.
- Bruk eige utstyr til eigen hest. Dersom du må låne utstyr, sørg for å vaske og desinfisere det før du bruker det på hesten din.
- Vask hestehengaren etter bruk. Ver ekstra nøye med reingjeringa dersom hengaren blir brukt av ulike hestar.
- Nye hestar på stallen bør haldast isolert dei første 14 dagane.
- Unngå å la hestar dele vasskjelder. Ikkje dypp vasslangen i drikkekar eller bøtte.
- Unngå å bruke same tube med oral medisin til fleire hestar.
- Nedkjemp skadedyr som mus og rotter. Oppbevar kraftfôr utilgjengeleg for skadedyr og fuglar så langt det er mogleg.
- Berre friske hestar skal på stemne. Hesten skal vere feberfri, han skal ikkje ha diaré, naseutflod eller andre teikn på sjukdom.