Mattilsynet sitt arbeid med dyrevelferd

Mattilsynet utviklar regelverk, fører tilsyn og rettleier verksemder og personar som eig dyr.

Innhald på denne sida

  1. Kva er dyrevelferd?
  2. Mattilsynet rettleiar
  3. Mattilsynet fører tilsyn
  4. Dyrevernnemndene bidrar med lekmannsskjønn
  5. Mattilsynet utviklar regelverk
  6. Samarbeidsavtale med politiet om dyrevelferd
  7. Utveksling av informasjon mellom Mattilsynet og landbruksforvaltinga i saker om dyrevelferd
  8. Dette gjer Mattilsynet når nokon bryt dyrevelferdslova

Kva er dyrevelferd?


Mattilsynet rettleiar

Mattilsynet forklarer kva for reglar som gjeld for dyrevelferd og saksbehandling i dyrevelferdssaker, og kva reglane betyr.

Vi rettleiar både på heimesidene våre, på telefon og andre stadar der dyreeigarar er i kontakt med oss.

Vi lagar skriftlege rettleiingar

Uansett kor detaljert ei lov eller ei forskrift er, kan det oppstå tilfelle der ein verksemd eller dyreeigar er usikker på korleis dei skal følge reglane.

For å forklare korleis vi tolkar reglane, og korleis vi vil handheva dei, lagar Mattilsynet såkalla rettleiingar på ulike område. Ei rettleiing er ei skriftleg forklaring som ofte inneheld eksempel.

Vi rettleiar om rettar og plikter i saker vi handterer

Mattilsynet rettleiar om korleis vi handterer saker. Det betyr at viss du har en sak hos Mattilsynet, skal vi fortelje deg kva for rettar og plikter du har under handteringa.


Mattilsynet fører tilsyn

Mattilsynet skal føre tilsyn med at dei som har ansvar for dyr, følger reglane.

Ansvaret for velferda til dyra ligg hos

  • dyreeigaren (for tamme dyr)
  • den som handterer dyret (for ville dyr)

Finn ut kven som har ansvar for kva når det gjeld ville dyr

Viss vi oppdagar at nokon ikkje følger reglane, skal vi reagere og prøve å få dyrehaldaren til å følge regelverket. Sjå kva for verkemiddel vi kan bruke

Slik fører vi tilsyn

Mattilsynet brukar fleire metodar for å føre tilsyn med dyrevelferda. Den vanlegaste metoden er inspeksjonar i dyrehalda. Sjå ein kort video om kva som skjer når vi kjem på inspeksjon:

Andre viktige deler av tilsynsarbeidet er at vi handterer søknader om tillatinger, godkjenninger og dispensasjoner (søknader om unntak frå krav i regelverket).

I tillegg gjennomfører vi tilsynskampanjer, der vi ein periode rettar søkelyset mot eitt eller fleire avgrensa område.

Dette fører vi tilsyn med

Mattilsynet fører tilsyn med alle typar dyrehald: Både tradisjonelle produksjonsdyr som storfe og gris, og dyr som blir haldne som kjæledyr eller for å delta i sport og konkurransar, som hest.

Slik veit vi kven som har dyr

For dei fleste artane av produksjonsdyr må ein melde frå til Mattilsynet om dyrehaldet. For nokre aktivitetar med fyr må ein også ha godkjenning frå Mattilsynet. På denne måten veit Mattilsynet om dyrehalda, og kan gjennomføre tilsyn med dei.

Dei som eig kjæledyr og sportsdyr, må som regel ikkje melde frå til Mattilsynet. Når vi fører tilsyn med slike dyrehald, er det som regel fordi vi har fått bekymringsmeldingar frå publikum, eller fordi vi har våre eigne erfaringar med dyrehaldet.


Dyrevernnemndene bidrar med lekmannsskjønn


Mattilsynet utviklar regelverk

Mattilsynet deltar i utviklinga av regelverket som skal vareta dyr si velferd i Noreg.

Regelverket består i hovudsak av lov om dyrevelferd (lovdata.no) og forskriftene til lova. Det er Stortinget som vedtar lovene, og departementa som fastset forskriftene. Departementa som styrer Mattilsynet sitt arbeid med regelverk er Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.

Når vi jobbar med regelverk, involverer vi som regel både kunnskapsinstitusjonar, som Vitenskapskomiteen for mat og miljø, næringsorganisasjonar, dyrevernsorganisasjonar og andre offentlige etatar. Vi sender òg utkastet til reglar på offentleg høyring, sånn at alle som vil, kan gi innspel.


Samarbeidsavtale med politiet om dyrevelferd

Mattilsynet og Politiet har hatt ein samarbeidsavtale sidan 2015. Det overordna målet for det tverretatlege samarbeidet er å styrke kampen mot dyrevelferdskriminalitet.

Samarbeidsavtalen skal bidra til å sikre eit godt og konstruktivt tverretatleg samarbeid med respekt og forståing for etatane sine eigne pliktar og prioriteringar. I avtalen er ein einig om at etatane er ansvarlege for sine eigne prioriteringar og avgjerder, og for at desse blir melde, innførte og følgde opp i den einskilde etaten. 

I samarbeidet skal det leggast til rette for å kunne drøfte generelle problemstillingar, og for å kunne utveksle generell informasjon som har betydning for kampen mot dyrevelferdskriminalitet.


Utveksling av informasjon mellom Mattilsynet og landbruksforvaltinga i saker om dyrevelferd

Mattilsynet og Landbruksdirektoratet samarbeider og utvekslar informasjon. Rutinane for utvekslinga av informasjon i dyrevelferdssaker er vedlegg til den generelle samabeidsavtalen  mellom etatane.

Formålet med rutinane er å sikre god informasjonsflyt mellom Mattilsynet og landbruksforvaltinga (det vil seie landbrukskontoret i kommunen, landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren og/eller Landbruksdirektoratet) i saker der det ligg føre brot på regelverket for dyrevelferd. Rutinane gjeld informasjon om dyrehald med produksjonsdyr og om slakteri.

Rutiner for utveksling av informasjon mellom Mattilsynet og landbruksforvaltingen i saker om dyrevelferd (landbruksdirektoratet.no)


Dette gjer Mattilsynet når nokon bryt dyrevelferdslova